Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Kolgropa på Oppheim i Ål kommune

Ei av dei vanlegast førekommande kulturminna arkeologane i Buskerud kjem over, er kolgropene. I dei øvre delane av fylket så som i Hallingdal og Numedalen er det registrert fleire tusen slike. På bakgrunn av dette omtaler arkeologane dei som "masseminne". Men kolgroper er ikkje berre eit massekulturminne underlagt lovar og reglar om vern og ivaretaking. Kolgropene representerer nokre av dei viktigaste spora ein har att av ein før-industriell utmarksbruk som saknar sidestykke i si eiga samtid. Kolgroper er den eldste kjente forma for kolframstilling her til lands, og dei aller fleste er datert i perioden frå vikingtid til slutten av høg-mellomalder (ca. 800 e.kr. fram til midten av 1300-talet).



Av Håvard Hoftun

Sjølv om kolgroper ikkje berre kan knytast til jernframstillingsprosessen direkte, er dei uløyseleg knytt til produksjon og tilverking av det. Kolgroper kan slik sett delast inn i to hovudgrupper; smiekolgroper og kolgroper knytt til sjølve jernutvinningsprosessen.

Eksempel på kullgrop Eksempel på kolgrop i terrenget. eksempel fra Brøsterudlia i Nore og Uvdal



I hovudsak registrer fylkeskommunen nye kolgroper i der det planlegges nye utbygingsområder eller andre typer tiltak som medfører tiltak i marka, og det var i en slik samanheng at arkeolog Vanja Tørhaug i fylkeskommunen kom over denne kullgropa sommaren 2012 på Oppheim i Ål kommune Synfaringa blei utført i samband med eit større nydyrkingstiltak på 35 dekar. To nye kolgroper blei registrert. Den eine kolgropa låg inne i sjølve nydyrkingsområdet og var soleis i konflikt med tiltaket, medan den andre låg like utanfor og kunne bevares for ettertiden.

1 Kolgropa frå Oppheim i 2012
Foto: Vanja Tørhaug

Frå før var det kjent fleire kolgroper og jernvinneplasser i nærleiken. Frå gardane på Oppheim har ein og eksempel på arkeologiske funn som tyder på at det var eit rikt liv her tilbake i jernalderen. Blant anna er det funne eit eineggja sverd og ei øks under jordarbeid på 1950-talet. Desse sakene stammar sannsynlegvis frå eit gravfunn, og er datert til slutten av eldre jernalder, merovingartid (570 – ca. 800 e.kr.).

Oppheim har nok, den gong som no, vore lagleg for jordbruk der gardane ligg i ei sørvend slak li med oversyn over dalen under. Gardane som vart rydda i eldre jernalder har blitt oppdelt og nye bruk skilt frå. Utmarka rundt var svært viktig både som beite, til jakt, fiske og til framskaffing av tømmervirke. Ikkje minst tyder dei mange kolgropene og spora etter jernvinnene på at folka på Oppheim var ein del av ein større heilskap. Tendensen elles i landet i form av større politiske samlingar og framveksten av større marknadar gjorde nok sitt til at produksjon av jern vart viktig, ikkje berre til eige bruk, men og til eksport.

Ettersom den registrerte kolgropa låg i det området ein skulle nydyrke var det naudsynt for tiltakshavar å fjerne denne. Kolgroper er som ein kjenner til automatisk freda kulturminne. Det er ikkje lovleg å fjerna slike utan løyve frå rette mynde. I område der ein finn kulturminne av vanleg førekommande karakter kan det utførast utgraving direkte etter registrering dersom

Kolgropa som måtte gravast ut (Id 157631) målte 7 meter i diameter, målt frå ytre voll. Gropa vart fotodokumentert og teikna i plan før graving. Det blei grave eit prøvestikk gjennom gropa i form av ei mindre sjakt på 1 m x 0,4 m inn frå sida. Det kom raskt til syne eit tjukt kollag på 12 cm i botnen. I dette laget vart det teke ut ein prøve for datering. Dokumentasjon av profilen blei utført ved at ei vatra snor blei spent tvers over nedgravinga og vollen. Heile profilen vart så teikna og fotodokumentert. Overflata av prøvestikket vart merka av på planteikning og staden der kolprøva vart teke ut markert på profilteikninga.

For å kunne datere trekol mest mogleg presist er det viktig å vite kva tresort ein daterer, gjerne og kor på treet kolbiten stammar frå. Problemet er nemleg at ikkje alle treslag gir ei like presis datering. Enkelte treartar, som for eksempel furu og eik, har ein høg eigenalder som kan komplisera dateringa. Det er derfor ein fordel å få avklart kva treart prøven inneheld før prøven blir datert. Ved prøvar av furu og eik er det og viktig å finne ut kor prøven er tatt frå. Små kvistar er som regel å føretrekka. Det kan og vera eit problem med tremateriale som har vore daudt i lang tid, for eksempel drivved eller tyrirøter frå myr. Dersom ein daterer kol frå eit svært gamalt tre vil ein ikkje ha garanti for at treet døyde på same tid kolgropa var i bruk. Til eksempel er den beste veden ein kan bruke gamal tyrived. Slik ved kan komma frå tre som døyde fleire titals år før det eventuelt vart brukt. Det er altså sannsynleg at ein del av trea ein brukte til å fyre i kolgropene med ikkje stamma direkte frå naturskogen på det gitte tidspunkt, men frå tre som hadde stått visna og daude ei tid. Slike tre kan i enkelte tilfelle stå daude i hundrevis av år, men vera glimrande til fyringsved – turre som dei er. Dersom prøven ein vil datera stammar frå ein kvist, kan ein derimot med større sannsyn sei at det ein daterer er nært opp til det tidspunktet då kolgropa var i bruk ettersom ein kvist sannsynlegvis ikkje er svært mykje eldre enn det tidspunktet då treet blei nytta.

Den aktuelle kolprøva som blei innhenta frå prøvestikket i kolgropa på Oppheim blei sendt til ein såkalla vedanatomisk analyse, og synte seg å innehalde kun furu. Mykje av materialet stamma frå eldre trestammar med høvesvis stor avstand mellom kvar årring. Derimot var nokre få bitar frå greiner og kunne av den grunn vera ein del yngre. Det ville derfor gi eit meir presist dateringsresultat om ein brukte ein bit frå ei grein, merka A frå laboratoriet.

Ei kolprøve vart sendt til USA for datering. Dateringsresultatet viste at kolgropa var i bruk mellom år 1160 og 1220 e.kr., altså i høgmellomalderen. Dette var midt i borgarkrigstida i Noreg og må ha vore ei turbulent tid. Kanskje vart derfor bønder og eventuelle leiglendingar pålagt å produsere jern for leveranse til stridande makthavarar? Kanskje var tilhøva slik at den menige mann hadde vanskar med å skaffe til veie jern på marknaden på grunn av urolegheiter, og derfor søkte ut i si eiga mark for å framstille jern til ei ny øks eller til ei ny hengsle på stabbursdøra. Kolframstilling vart i ljos av dette viktig, og røyken frå kolgropene breia seg til tider som eit teppe over lia.

Kolgropa på Oppheim i Ål er altså ein del av ein større heilskap, ein heilskap som knyter folka som budde der saman med storsamfunnet elles. Dette i ei tid då Noreg ennå var i støypeskeia.

2 Kolframstillingsprosessen illustrert av Inger Karlberg

Litteratur:

Rapport vedr. Vedanatomsik analyse – Moesgård Museum, Danmark

Oppheim i Ål gnr 21 bnr 1: Arkeologisk registrerigsrapport, Vanja Tørhaug 2012

Dateringsrapport av kolprøve Id 157631, BETA Analytic Inc. Florida, USA

Dahle, Kristoffer: Hvordan finner arkeologene ut alderen på ulike kulturminner? Ulike dateringsmetoder i arkeologien

http://www.historieboka.no/Modules/historiebok_tidsepoke_tema_artikkel.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=2122&Category.ID=1177

Artikkel - info 
Sist endret 13.03.2013 Kjell Erik Sønsterud
Opprettet 06.03.2013 Kjell Erik Sønsterud
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut