Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Jernutvinning og kolbrenning i Ål
Jernalder seier ein om tida frå 500 f.Kr. til 1030 e.Kr., eldre jernalder frå 500 f.Kr. til ca. 550 e.Kr og yngre jernalder frå 550 e.Kr. til 1030 e.Kr. Dette er på mange måtar den tida då bygdene og gardssamfunna vart forma slik ein kjenner dei frå mellomalder og fram til i dag.


Av Håvard Hoftun

Det var ei tid for landnåm og utvikling. Ei tid då jernøksa song i skogen og jernskodd plog vendte molda og gjorde ho fruktbar. Tida har fått namnet sitt frå alle jernsakene ein har funne på norsk jord frå denne tida. Dei mange funna av reiskap, våpen og nytteting som ein i dag har teke vare på i museumsmagasina stammar mellom anna frå tilfeldige lausfunn, men og frå meir eller mindre rike graver. Spyd- og pilspissar, einegga og tviegga sverd, knivar og øksar, jordbruks- og fiskereiskap, smedverktøy og hesteutstyr - materialet er rikt. I Ål har ein fleire eksempel på slike gravfunn. Gravfunn som fortel sine eigne historier om livet før. I Ål bygdesoge, kan ein lese om nokre av desse funna, både frå eldre og yngre jernalder (Fonnum og Svarteberg 1952: 83-107). Nokre graver fortel om høg status og makt, medan andre om bondeslit og veideliv. Ein må gå ut frå at utmarka har spelt ei særleg viktig rolle for samfunna i innlandet i denne tida, også i Ål.

Så kan ein spørja seg, slik det er gjort i Ål bygdesoge; kor fekk dei gamle ålingane jernet frå, til våpen og reiskap? Ein del har nok visseleg vore importert og byta til seg over store avstandar. Handel og kontakt med nettverk utanfor nærområda var viktig også i denne tida, og fekk nok berre større og viktigare økonomisk verdi for dei som sat i posisjonar til å kunna utnytta det. Soleis og med råvara!

Styrkestadfunnet

Eksempel på jernalderfunn i Ål – Styrkestadfunnet, eit høvesvis rikt gravfunn som ikkje nødvendigvis fortel om stor sosial makt, men snarare om eit praktisk levesett (Bilete frå Ål bygdesoge, bind 1).

Klikk for zoom

Les mer om Styrkestadfunnet HER


At det har vore ein stor produksjon av jern i Hallingdal er kjent. Sorenskrivar Kristen Paludan nemnde dette allereie tilbake i 1743 i si skildring av Ringerike og Hallingdal amt; «Smidesinder» finnes over alt, så vel på Golsfjellet som i seterstrøka i Ål og Hemsedal. Ål er i dette samband altså ikkje noko unntak. Både gjennom tidlegare registreringar, slik som Hallingdalsprosjektet, gjennomført på slutten av 1980 talet, og gjennom nyare registreringar i regi av fylkeskommunen har biletet av denne verksemda forsterka seg (Varia 78).

Jernutvinning frå myrmalm i Noreg ser ut til å ha bredt om seg i hundreåra før år 0, i den såkalla føreromerske jernalderen. Produksjonen har nok derimot ikkje vore særleg stor før nærare slutten av eldre jernalder, inn mot folkevandringstida kring 4-500 e.kr. Utan sikre dateringar, er det no ein må rekne med at den nye teknologien med å vinne ut sitt eige jern for alvor slo om seg i Hallingdal. Her har ein dateringar på jernvinneanlegg frå merovingartid fleire stader, blant anna på Golsfjellet i Gol, i Rukkedalen i Nes og ved Markegardslii i Hemsedal. Ein del dateringar syner og at mange anlegg er frå vikingtida. Dei fleste dateringar har ein derimot frå mellomalder, noko som og er det vanlege over store delar av Austlandet. Produksjonen i denne tida ser ut til å ha nærast vore industri mange stader, sannsynlegvis ein vel organisert og kontrollert industri (Tveiten 2012). Det er og mot slutten av vikingtida og innover i mellomalderen ein for alvor ser at produksjonen har ekspandert opp i stølsområda og inn på fjellet (Varia 78: 54-55). Mange anlegg har nok og vore til for å laga jern til eige bruk. Før var det viktig å vera sjølvforsynt med det meste.

Restane etter kol- og jernframstillingsanlegg er det og mange spor etter i Hallingdal generelt. Dei mange etterlevingane etter denne utmarksbruken tyder på at det må ha vore ein integrert del av levesettet til folk i området i lange tider. I Ål er det tidlegare registrert mange jernvinner, i hovudsak gjeld dette som nemnt anlegg frå seinare delar av jernalder og byrjinga av mellomalder. Eit søk på Askeladden – Riksantikvaren sin database for kulturminne – gir eit resultat på 113 jernvinnelokalitetar og slaggførekomstar per i dag. Til samanlikning er det registrert 695 kolgroper. Det er sannsynleg at det finst langt fleire, av både jernvinner og kolgroper. Mange jernvinner er lite synlege på markoverflata, og kan vera vanskelege å få auga på. Nyare registreringsmetodar og opparbeiding av kunnskap har ført til at ein har funne ein del jernvinner i område der ein tidlegare ikkje greidde å påvisa dei. Mange av desse jernvinnene syner liten produksjon kvar for seg, men samla sett gir dei eit bilete på at framstilling av jern må ha vore omfattande.

Jernvinneprosess Prinsippet for jernframstilling i sjaktovn fra seinaste delen av jernalder og inn i mellomalder (Illustrasjon frå Varia78:11)

Klikk for zoom

Sosial kontekst

Ein kan undra seg korleis den openbart omfattande utmarksaktiviteten med jernutvinning og kolbrenning har arta seg. Korleis har det vore organisert? Det er ofte nærliggjande og tenkja seg at mykje av aktiviteten har gått føre seg i samband med sjølve gardsverksemda, at ein rett og slett trong jernreiskap til ymse praktisk bruk heime, og derfor søkte seg ut i utmarka for å skaffe dette til veie. Problemet med dette er at mange av områda ein registrerer i mange gonger indikerer ein så stor produksjon av råjern at det langt på vei må ha overstige det lokale behovet. Ole Tveiten har blant anna synt dette nyleg i si doktogradsavhandling; Mellom aust og vest – Ein arkeologisk analyse av jernvinna kring Langfjella i yngre jernalder og mellomalder (Tveiten 2012). Her tek han blant anna for seg jernutvinning i Sudndalslia i Hol kommune, og dreg ein del spennande slutningar ut frå dette. Han peikar på at om ein ser det arkeologiske og det skriftlege materialet saman for dette området, peikar dette mot ei mogleg hierarkisk organisering av gardane her. Medan nokre sentrale gardar nede i sjølve bygda, Hovet, har røtene sine tilbake til førhistoriske tider, både i form av lausfunn og stadnamn, tyder mange av dei meir marginale gardane oppover mot Sudndalen på å ha blitt rydda i tidleg- eller høgmellomalderen. Tveiten finn det ikkje urimleg at denne ekspansjonen utover har vore styrt frå dei større og eldre gardane. Han meiner då at ufrie folk, gjerne trælar, løysingar eller tidlege former for leiglendingar, har rydda og busett seg på mange av dei "nyare" gardane. Omfanget av den jernvinningsaktiviteten som er påvist i Sudndalslia peikar og mot ei større organisering, både i form av mobilisering av arbeidskraft, men og kompetanse. Det blir derfor nærliggjande å sjå denne jernutvinninga som del av ein elite sin overordna utnytting av utmarksressursane, snarare enn mindre "ufrie" gardar si sjølvstendige trong til reiskap og bytevarer (Tveiten 2012: 232-235 og 259).

Frå Hovet i Hol er det freistande å dra parallellar til Ål. I dei områda i Ål der tettleiken er særleg stor med kolgroper og jernvinningsanlegg har nok høgare herrar enn den vanlege bondemann styrt.


Arkeologiske registreringar - fylkeskommunen

Kvart år finn fylkeskommunen nye kolgroper og nye jernvinneanlegg, hovudsakleg gjennom registreringar i samband med reguleringsplanar. I Ål har dette blitt særleg synleg i det siste ettersom det har vore mykje aktivitet. I 2011 gjennomførte fylkeskommunen registreringar i 11 saker i Ål, både landbrukssaker og reguleringsplanar. Her bør spesielt to større registreringar nemnast; Syningen og Nysetlia. Dette er to større områder som er sett av til hytteutbygging i siste kommuneplan for Ål, og som det vart varsla oppstart på i løpet av 2011. Det var i samband med dette fylkeskommunen gjorde krav om registreringar før endeleg uttale, jamfør lov om kulturminne §9.

Nysetlia

Området Nysetlia – Venehovda ligg i Leveldåsen oppe på mellom 920 og 1030 moh. Lengst i nordaust ved Venehovda grensar området mot fjellet. Det er allereie ein del spreidde fritidsbustadar i området ved Nysetlia og i øvre del i aust rundt Venehovda. Terrenget er hovudsakleg dominert av bjørkeskog med større myrområde, undervegetasjon av einer og gras. Det er ein del stølar med slåttemark i området, slik som Lappegardstølane i Nysetlia, øvre Jødnbustølen, Sjugurdstølen og nedre Jødnbustølen sør for Venehovda. Stølsvollane er i hovudsak teke ut av planen.

Registreringa

Ut frå tidlegare registreringar i nærområda, og basert på ein del stadnamn, slik som Jødnbustølane, kunne ein på førehand forvente at området var rikt på kulturminne. Før registreringa starta kjente ein blant anna til fire kolgroper innanfor planområdet, men og eit mogleg bogastelle. Det var viktig både å kontrollregistrere desse kjente minna og leite etter konkrete spor etter jernutvinning. Området vart registrert av arkeolog Vanja Tørhaug, som og utforma rapporten. Ho gjekk systematisk gjennom området ved ei såkalla visuell overflateregistrering. Med seg hadde ho spade og eit jordbor, eller eit sonderingsbor, for å påvise eventuelle kol- og slaggførekomstar under bakken. Registrering av jernvinneanlegg er ofte arbeidskrevjande samanlikna med å påvise kolgroper, fordi jernvinneanlegga sjeldan er synlege på markoverflata. Å påvise slike utmarksminne krev derfor ein systematisk gjennomsøking og prøvestikking i landskapet. Dette var ikkje vanleg tidligare. Ofte kan det vera rasjonelt og lokalisera kolgropene først, for deretter å gå meir målretta etter eventuelle jernvinner der konsentrasjonen av kolgroper er særleg tett. Ein bør vera ekstra merksam der det er vide myrdrag med tørrare rabbar like ved (Tørhaug 2011).

Funna

Under registreringa vart det tidleg klart at det var tett med kulturminne i delar av området, spesielt i nærleiken av stølane. Det var derimot påfallande få funn av kolgroper og jernvinneanlegg midt i planområdet. Dette kan forklarast med topografiske tilhøve og nærleiken til stølane. Dette leiar ein til å tru at jernvinning og stølsliv har eit samband. Denne debatten er derimot for omfattande til å ta her (Varia78: 97-102).

Totalt vart det registrert 38 nye kolgroper og fire jernvinneanlegg i Nysetlia. Det totale talet på kulturminne innanfor området er derfor etter avslutta registrering heile 47 kulturminne. Alle desse er tolka til å vera automatisk freda ettersom dei er eldre enn 1537, årstalet som etter lova er grensa for kva som er automatisk freda i Noreg (Tørhaug 2011).

Oversikt - Nysetlia

Oversiktskart over dei automatisk freda kulturminna i områdereguleringsplan for Nysetlia, merka med raude prikkar og Id nr frå Askeladden (Vanja Tørhaug).

Klikk kartet for zoom


Eit spesielt kulturminne – bogastelle eller gjetsleskur?

Frå før var det kjent eit mogleg bogastelle innanfor planområdet – like ved Venehovda. Bogastelle er fangstminne, som regel murar i stein, der ein jegar kan ligge i skjul med bogen sin til dyret kjem på skothald. Slike bogastelle ligg oftast ved gode trekkruter for elg, hjort og rein. Det er ofte vanskeleg å datera slike fangstminne ettersom dei har vore i bruk i svært lang tid. Dei har truleg nytta seg av slike skjul frå steinalderen og heilt opp til våre dagar. Trekkrutene for dyra har ofte ikkje endra seg særleg mykje, og det som var gode jaktområde for 1000 år sidan, kan ofte vera det i dag og.


Ettersom dette bogastellet har ei noko atypisk plassering, har ein undra seg om det faktisk er eit bogastelle. Det ligg på ei flate i bjørkeskogen, og er tydeleg bygd opp av stein i ein halvsirkel med opning i vest. Murane ligg altså rundt eit opnare rom i midten, og er ca. 0,4 m høge. Innvendige mål er om lag 1x0,75 m. Det er mogleg konstruksjonen har vore høgare tidlegare, men at ein del steinar har rasa ned. Så langt passar det med biletet ein har av korleis eit bogastelle er, men plasseringa er derimot noko uvanleg. Kulturminnet er lokalisert langt nede i bjørkeskogen ved stølane. Kanskje er det ei anna forklaring? Kanskje er det snarare snakk om ei mindre tuft – eller eit såkalla gjetsleskur. Gjetsleskur er mindre konstruksjonar som vart nytta som eit skjul av gjetargutar ved dårleg vær. Ein har mange eksempel på slike i stølsområda i Ål (informert på e-post få Thor Warberg i Ål).

Mogleg bogastelle

Bilete av det moglege bogastellet, eller "gjetsleskuret" (Foto: Vanja Tørhaug 2011).

Klikk bildet for zoom


Syningen

Det planlagde utviklingsområdet, kalla Syningen, ligg i Torpoåsen ca. 5 km nord for Torpo sentrum. Det området som er omfatta av områdereguleringa strekk seg om lag frå Syningsstølane i nordaust til Pålset i sørvest, om lag 900-1030 moh. Terrenget i nord ved Syningen er ope landskap prega av store myrdrag med skog omkring. Det ligg fleire stølar i området, nokre stølsvollane er fulldyrka. I sør og sørvest for Syningen, mot Pålset, er området prega av tett skog med berg og kollar.


Registreringa

Til liks med registreringa i Nysetlia vart det prioritert å sjå etter eventuelle spor frå jernutvinning og kolbrenning. Ein hadde få indikasjonar på dette tidlegare i dette området. Under ei registrering i 2009, like sør for Syningen, vart det ikkje funne særleg mange nye kulturminne. Ein større plan eit stykkje lenger vest ved Trytetjern – Høgehaug, har derimot gjeve mange funn av kolgroper. Ein kunne derfor forvente stor tettleik også i dette området.

Funn

Under registreringa vart det funne automatisk freda kulturminne av typen kolgroper og jernvinneanlegg som forventa. Desse konsentrerte seg i hovudsak til eit klart avgrensa område i vest. Her vart det totalt registrert 10 kolgroper og to jernvinneanlegg. Ei anna kolgrop vart registrert heilt i andre enden av planområdet, like sør for Syningen. Det er spesielt i eit område konsentrasjonen av kolgroper og jernvinner var påfallande, nemleg ved Tufteheimstølen. Heile dette området er i dag attgrodd av bjørkeskog, men namnet fortel om tidlegare bruk til støling. Det vart under registreringa ikkje funne nokon tydelege spor etter denne stølen, men funna av jernvinnene og kolgropene er ein viktig indikasjon, til liks med sjølve namnet. Det er nemleg ikkje uvanleg at ein finn jernvinner og kolgroper i samband med gamle stølar.

Oversikt - Syningen.

Oversiktskart over dei automatisk freda kulturminna i områdereguleringsplan for Syningen, merka med raude prikkar og Askeladden Id nr. (Vanja Tørhaug).

Klikk kartet for zoom


Vidare arbeid

Fylkeskommunen er no inne i ein prosess med planleggjaren i både Nysetlia og ved Syningen for å skapa eit godt vern av dei registrerte kulturminna. Vernesoner blir vurdert ut frå sambandet kulturminna har med kulturmiljøet dei er integrert i. Gjennom planprosessen vil ein moglegvis og komma fram til at nokre få enkeltliggjande kolgroper kan dispenserast for, det vil sei frigjevast. Dette vil føre til at desse må gravast ut. Den informasjonen ein då får ut av slike undersøkingar, vil gi verdifull informasjon om fleiritalet av kulturminna som faktisk skal takast vare på. Dispensasjonar frå kulturminnelova er det derimot berre Riksantikvaren som har mynde til å avgjera.


Litteratur

Tveiten, Ole: Mellom aust og vest – Ein arkeologisk analyse av jernvinna kring Langfjella i yngre jernalder og mellomalder; Avhandling for PhD-graden, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Universitetet i Bergen 2012
Larsen, Jan Henning: Varia 78 – Jernvinneundersøkelser, faglig program Bind 2, Oslo 2009
Fonnum, H Aal Bygdesoge, bind 1. Utgjevar, Aal Sparebank – Oslo 1952 og Svarteberg, K.
Tørhaug, V. Arkeologiske registreringsrapoprtar for Syningen og Nysetile i Ål, Buskerud fylkeskommune 2011.

Artikkel - info 
Sist endret 22.02.2012 Terje Bautz
Opprettet 21.02.2012 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut