Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Dyregravshalli i Nore og Uvdal. Fangstgravsystem på Hardangervidda.
For dei fleste i dag blir nok Hardangervidda oppfatta som ei kjelde til rekreasjon og naturopplevingar, eit mektig og urørt høgfjellsområde der naturen rår. Dette er nok òg tilfelle over store delar av vidda i dag, men har det alltid vore slik?


Av Håvard Hoftun

Nokon skal ein gong ha sagt at høgfjellet og omlandet kring vidda må ha vore fortida sin "nordsjø", her fanst ressursar i overflod. Kring randsonene fann ein jernmalm i myrane, godt beite for dyra, fisk i vatna og småvilt i skogen. Lenger opp vandra reinen i store flokkar langs kjende trekkruter, tusen på tusen av dyr. Kring vidda finn ein mange vitnesbyrd om utstrakt jakt og fangst gjennom tusen av år. Mange har nok òg oppdaga spor etter dette i form av steinmura dyregraver, av og til aleine, men oftast i system der fleire ligg på rekkje. Ein kan gå ut frå at det fins spor etter mellom 2000 og 3000 slike fangstgraver spreidd over vidda i dag, om ikkje fleire. Talet er vanskeleg å anslå ettersom nokon organisert registrering aldri har blitt gjennomført.

Av fangstgroper har ein i hovudsak to ulike typar. Ein har den vanlegaste typen som er mura av stein, såkalla dyregraver, eller ein har dei som er jordgravne. Begge typane har hatt ein konstruksjon i botn som har tent til å halde dyret fanga når det først har gått nedi. I dei jordgravne gropene har dette i mange tilfelle vore laga som ein avlang trekonstruksjon, som ikkje berre har låst beina på dyret, men som òg har hindra dyret i å komma ut ved at det ikkje har funne feste på dei glatte trepålane. Fangstgropene har ved bruk vore skjult med eit vegetasjonsdekke. I nokre tilfelle har det òg vore laga ledegjerde for å styra dyra mot fangstgropene.

Illustrasjon

Illustrasjon av ArkIkon


Det største samanhengande fangstsystemet av jordgravne fangstgroper på Hardangervidda, finn ein ved Dyregravshalli i Nore og Uvdal kommune. Det er ikkje utan grunn staden har fått namnet. Området ligg like innanfor grensa til Hardangervidda nasjonalpark. Store Nordmannsslepa går like gjennom området som er lett tilgjengeleg frå Solheimstulen øvst i Jønndalen.

Dyregravshalli er som namnet seier, ei hellande li som fell slakt nedover mot myrdraga i nord. Eit høgare parti, ein rygg, går austover mot Storhovdi. Det er naturleg å tenkja seg at det er denne vegen reinen har trekt.

1

Oversikt over Dyregravshalli sett frå slepa


Fangstgropene i Dyregravshalli har vore kjent lenge, men kor mange dei er i talet har ein ikkje visst noko sikkert om. Systematisk registrering sommaren 2011 har vist at sjølve hovudrekkja tel 107 groper til saman, og det er funne fleire groper i liene rundt. Til saman er det påvist 129 fangstgroper i lia ned frå Beltenuten mot Dyregravshalli.

Den systematiske registreringa vart gjennomført som eit samarbeid mellom Statens naturoppsyn (SNO) og Buskerud fylkeskommune. Eit samarbeid som går ut på å kontrollera kjente kulturminne i SNO sitt forvaltingsområde og registrera nye funn. Samarbeidet syner kva potensial det ligg i å gjennomføra målretta registreringar i fjellområde der ein frå før kjenner til at det skal vera kulturminne av ymse slag. Ei slik systematisk registrering syner òg at dei kulturminna ein kjenner til ofte er tydeleg underrepresentert i høve til det faktiske omfanget.

Samarbeidet har som mål å GPS-feste så mange kulturminne som mogleg for innlasting i Askeladden – Riksantikvaren sin database for kulturminne. Berre slik vil ein seinare skapa overordna oversikt som grunnlag for eit heilskapleg bilete av den geografiske spreiinga kulturminne har i ulike landskapsrom.

2

To av gropene med utsyn mot Beltetjønn


3

Ei fangstgrop ligg midt i det ein kallar Store Nordmannsslepa


Den omfattande villreinfangsten som fangstgropene i Dyregravshalli vitnar om fortel oss at dette må ha vore vel organisert. Fleire må ha stått saman om organiseringa, omfanget av anlegget er så stort at noko anna ikkje er sannsynleg. Fangstgroper for rein ser ut til å ha vore vanlegast i bruk frå slutten av vikingtid og innover i mellomalder. Dette er tider då makta i eit gryande Noreg vart samla på færre hender enn tidlegare. Oppbløming av viktige handelsnettverk og liknande var og av ein slik art at utstrakt handel lettare kunne organiserast. Høgfjells-Noreg hadde mange ettertrakta varer å by på. Eksempel på slike varer kan vera gevir til kamproduksjon, skinn til klede og sko, jern til jordbruksreiskap og våpen, kanskje molter og ymse andre bær og ikkje minst ein mengde anna vilt med ettertrakta pelsar.

Lokale pådrivarar har lenge tala for å få anlegget i Dyregravshalli datert slik at ein kan setje det i eit større kulturhistorisk samband med andre kulturminne i nærområdet. Om denne systematiske fangsten kan sjåast i samband med den omfattande jernutvinninga lenger ned i Jønndalen som gjekk føre seg inn mot høgmellomalder, eller om den organiserte jakta er mykje eldre, veit ein ikkje noko sikkert om ennå. For å finne svar på dette har Kulturhistorisk Museum i Oslo nyleg utført gravingar i eit mindre utval av gropene for å skaffa til veie daterbart materiale. Denne utgravinga synte at fangstsystemet kan ha vore i bruk over lengre tid, og at nokre av gropene såg ut til å representera ulike fasar. Dateringane vil forhåpentlegvis vera klare mot slutten av året og vil då utgjera viktige data i arbeidet med å byggja opp kunnskap for å forstå bruken av vidda i eldre tid. Dateringar frå Dyregravshalli vil ikkje berre vera viktig lokalt, men òg nasjonalt. Når det gjeld Hardangervidda som villreinområde, er det i det heile gjort lite systematiske undersøkingar av fangstanlegg.

Neste gong turen går til Hardangervidda anbefalast det å gå innom www.kulturminnesok.no før ein legg ut. Kulturminnesøk er publikumsdatabasen for Askeladden.

Artikkel - info 
Sist endret 13.09.2011 Terje Bautz
Opprettet 13.09.2011 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut