Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Vike kyrkjeruin ved Vikersundet.

Vike kyrkje frå mellomalderen har frå reformasjonstida kring 1537 og fram mot våre dagar forsvunne meir og meir med tida inn i historia sine skjulte sider. Mange generasjonar har gått sidan steinkyrkja var soknekyrkje ved Vikersundet, og minna om livet kring den er for lengst borte. Vi kan trekkje kyrkja meir fram i ljoset ved hjelp av dei få spora som finst att i arkeologiske og historiske kjelder. Kyrkjeruinen ligg der som eit handfast spor etter bygningen frå 1200-talet. Opplysningar om kyrkja finst i dokument frå mellomalderen, og bøker og skildringar frå 1500-talet til 1900-talet. Ei arkeologisk undersøking av ruinen 1969-1970 gav ein del ny informasjon.



Av Kjersti Tidemansen

Vike kirkeruin med gutter Foto: Nils Drolsum i Modums historie bind IV, 1965.
"Store stensamlinger like ved Harald Boesens gård utpekes som rester etter den gamle kirke"

Vike kyrkje i mellomalderen.

Kyrkja var truleg bygt i siste halvdel av 1200-talet. Den låg fint plassert på ei terrasse med utsikt over Vikersundet, nå nær tunet på garden Østre Vike. Vi veit ikkje om det har stått ei kyrkje tidlegare på denne staden, men kyrkja er strategisk plassert nær ein gamal sentralstad med sundstaden som eit kryssingspunkt over Tyrifjorden. Den gamle tingstaden i Modum har ligge ved Østre Vike. Det at sundet har vore ein sentral stad, viser også dei mange funna frå steinalderen i området og gravminne mellom anna frå jarnalderen.

Rekonstruksjon Vike Rekonstruksjonen er laga av Geir Helgen

Klikk på biletet for stor utgåve

Kyrkja hadde rektangulært skip på 10x15 meter, og eit mindre kor på 6,5 x 6,5 m. Skipet har hatt ein vestportal og inngang i vest. Hovudaltaret har vore ved den austlege veggen i koret. På kvar side av korinngangen har det vore sidealtar. Sidealtra har hatt ein baldakin eller overbygning over seg, som ein kan sjå fundament etter i kyrkjeruinen i dag. Kyrkja har hatt eit spir, eller ein takryttar, som er omtala av biskop Jens Nilsson etter ein visitas av Heggen kyrkje i 1595.

Det er lite att av murane til kyrkja i dag. Den best bevarte delen av kyrkja er den nedre delen av veggen mellom skipet og koret, skillemuren. Den er mura i brotstein som delvis er satt på kant i muren, med småstein mellom opningane i skifta. Dette var ei muremetode som vart vanleg utover 1200-talet. Det har også vore noko bruk av tegl i Vike kyrkje, til dømes i kvelv eller vindauga. Murane har innvendig vore pussa med kalk. Langs med den søre og austre muren vart det funne restar av kalkpusset dekor. Dekoren har vore malt på murane, og restar viser geometriske mønster i raudt.

Kyrkja har hatt blyinnfatta vindauge. Øvre del av eit slikt kom fram under utgravinga, med ruterforma glasruter. Øvre kant av vindauget har avrunda form. Av ytre dekor er lite kjent, kanskje bortsett frå ein steinskulptur nå på Heggen kyrkje sin nordre tverrarm. Det er eit mannshovud med skjegg og kraftig pannelugg. Det har blitt kalla ”Styggen”, men det er uvisst kva det kan symbolisere. Det var vanleg med slike hovud både i stein og tre i kyrkjer i mellomalderen.

Heilag-Olav, St. Johannes og Jesus på korset.

Helgenkult er vanleg i den katolske trua, og det var det også for menneska i mellomalderen i Noreg. Sjølv om det er over 500 år sidan den lutherske læra kom til landet under reformasjonen, finst det enda helgenbilete og skulpturar og andre minne om dei katolske helgenane. Heilag-Olav var ein sentral helgen i Noreg, han var eit symbol både på kristendomen sitt gjennombrot og rikseininga i landet. Ein Olavsspenning som truleg stammar frå døra til Vike kyrkje har namn etter helgenkongen. Det er ein vidjespenning av smijarn, men kan ikkje opnast slik som vidjespenningar av tre. Vidjespenningar har forskjellig utforma låsar, og den finaste type låsen fekk namn etter heilag Olav. Det høver seg også for ein ring som skal hengje på ei kyrkje.

Olavsspenningar har funnest i fleire kyrkjer i Buskerud.

Les om kyrkjedøra til Vike kyrkje HER

St. Johannes var, saman med jomfru Maria og Jesus, av dei mest populære helgenane i mellomalderen. Festdagen hans, St. Hans, blir fortsatt feira men kanskje med eit anna innhald enn i mellomalderen. Ein skulptur av Johannes frå 1200-talet er kjent frå Heggen kyrkje, men er meint opphavleg å vere frå Vike kyrkje. Det same gjeld to skulpturar av Jesus frå krusifiks frå 1200-talet. I 1837 vart det omtala nokre ”helgenbilleder” på loftet i Heggen kyrkje. Det kan vere Johannesskulpturen og krusifiksskulpturane som var meint.

Gjenstandane finst i dag i Drammens museum. Du kan se dem HER

Kyrkjeorganiseringa i Modum i mellomalderen. Vike kyrkja går ut av bruk.

I mellomalderen var det fire kyrkjer i Modum: Vike, Heggen, Snarum og Nykirke. Vike kyrkja er omtala som soknekyrkje i mellomalderske kjelder. Etter reformasjonen i 1537 var Heggen hovudkyrkje i Modum sokn, og Snarum og Nykirke annekskyrkjer. Vike kyrkje var nedlagt. I Pouel Huitfeldt si stiftsbok frå 1574-77 er Vike annekset omtala, og landskulda var lagt inn under Heggen kyrkje. I 1595 under biskop Jens Nilsson sin visitas av Heggen kyrkje, var Vike kyrkje ”(..) saa gaat som forfalden.”

Vike

Foto: Kjersti Tidemansen
Vike krkjeruin idag
Klikk på biletet for stor utgåve


Vike kyrkjeruin.

Kjelder på 1800-talet omtalar at murane til Vike kyrkje sto til kring 1700. Etter det tok ein stein frå kyrkja, og brukte til tverrarmane på Heggen kyrkje. I tillegg er det teke stein frå ruinen heilt opp på 1900-talet til bygningar på gardane i nærleiken.

Ruinen blir i dag teke vare på av Riksantikvaren, og er eit viktig kulturminne i Modum kommune og Buskerud fylke. Kulturminnet er skilta.

Kjelder:
Christie, Sigrid og Håkon 1986: Norges kirker. Buskerud. Bind 2. Utgjeve av Riksantikvaren. Gyldendal norsk forlag, Oslo.
1993: Norges kirker. Buskerud. Bind 3. Utgjeve av Riksantikvaren.
Gyldendal norsk forlag, Oslo.
Ruud, Arnt 1965: Gårdshistorien. I: Modums historie bind IV. Utgjeve av Modum sparebank.
Harald Lyche & co., Drammen.

Artikkel - info 
Sist endret 23.03.2010 Terje Bautz
Opprettet 28.10.2009 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut