Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Eksplosjonen i Drammen 11. august 1920
En helt vanlig dag i Drammen inntil klokka 13. Da skjedde en meget alvorlig ulykke på Bragernes torg. Mange døde og enda flere skadde.


Av Irene Vedaa

Drammen var i 1920 ein industriby med aktivt handelsliv. På Bragernes låg det mange butikkar av alle slag rundt det store torget.

11. august 1920 var ein heilt vanleg onsdag, ein roleg dag litt ut på sommaren. Litt etter klokka 12 skjedde det denne dagen noko heilt spesielt i Drammen. Avisa Fremtiden skildrer det som skjedde slik:

Klokken nærmer sig 13. Alt er stille i byen. Pludselig merker man en underlig drønnen, det rister lit i de store murbygninger – og alt er tilsynelatende like fredelig som før. Men katastrofen er alt indtruffet.

Eksplosjonsulykken i Drammen i 1920 FOTO: Spangberg

Klikk bildet for stor utgave


Et par minutter efter kom den kjappeste visergutten vor hæseblæsende op i redaktionen. – ”Det er eksplodert noe hos Helgeland! Væggen til torv er ramla ut og bokser og daaser ligger over hele torvet!”

Journalisten kom seg ut i ein fart – og kunne straks slå fast at det viserguten fortalte stemte. Det såg frykteleg ut, fortel han. Der isenkramforretningen (jernvarehandelen) til Axel Helgeland hadde vore, var det berre eit stort gapande hol, og det brann i den gamle bygningen der Grand hotell hadde salongar, matsal og kjøkken, og der det også låg ein skobutikk og eit par andre butikkar. Utover torget var det fullt av aluminiumskjelar og anna kjøkkenutstyr, og det var knust glas over alt. Like etterpå styrta resten av ein vegg og taket ned med eit enormt brak. På taket stod ei mast med mange telefontrådar og ein svær sjokoladereklame, alt dette ramla også ned.

Brannvesenet kom raskt på plass. Brannsjefen fortalte seinare at det var spesielt krevande å sløkka ein brann som hadde oppstått etter ein eksplosjon. Dører og vindauge var blåst ut, dermed var det full gjennomtrekk i bygningsmassen. Alle gassrøyr var rivne over, og gassen hadde tatt fyr. Heldigvis hadde dei godt med utstyr; åtte brannslangar og ein del sløkkingsutstyr som gardeigaren Rostock hadde privat. Ein branngavl (murvegg) var også til god hjelp, den gjorde at flammane ikkje kunne spreia seg vidare.

Det var ikkje lett å få oversikt over kva som hadde skjedd. Skadde personar vart frakta til sjukehuset. Mange folk samla seg på torget. Det oppsto rykte og spekulasjonar, alle var nyfikne.

Bragernes torv var naturligvis midtpunktet i begivenhetenes utvikling og den menneskemængde, der som ved et slag var samlet her gaar op i tusinder. Og som det bestandig er naar der er noget at se, folk skulde trænge sig frem saa langt som mulig. Men da der straks efter opstod et rygte om at der var store glycerinlagere i kjælderen hos Helgeland holdt det paa at opstaa panik blandt menneskemængden. Man frygtet hvert øieblik for at hele huset skulde springe i luften, og alle vilde gjerne være længst unna i det øieblik. Det blev en vældig flugt opover torvet. De gode torvkoner med alle sine pakkenelliker holdt paa at bli revet over ende av den fremadstormende hop.

Men rygtet blev snart avlivet og saa trængte folk igjen paa.

Fremtiden snakka med ein person som hadde vore på den andre sida av torget då eksplosjonen skjedde. Han fortel at trykket var så sterkt at alt som var i nærleiken hadde blitt kasta over ende. Glasbitar flaug tvers over torget, det gjorde også mange tyngre gjenstandar. Ein bil i nærleiken av eksplosjonen hadde blitt velta, ei barnevogn hadde blitt kasta langt bortover, barnevogna vart smadra, men barnet var uskadd. ”Derimot fik moren en styg skramme.”

Avisa snakka også med politifullmektig Askvig. Han opplyser at to detektivar er i gang med etterforsking. Så langt har dei funne ut at 10 kg krut var henta ned frå lageret ved Landfalltjern same formiddag, dette krutet stod i eit bakrom like ved pengeskapet. Det kunne også tenkast at det fanst litt dynamitt i eit eldfast skap, ”dog ikke over 2 ½ kg som det efter loven er tilladt at ha.”

Journalisten fekk også tak i ein av ekspeditørane hos Helgeland. Ekspeditøren hadde nettopp vore inne til brannforhøyr, han var blodig over heile andletet og nedover brystet, hovudet var bandasjert, ”allikevel lar han sig elskværdig intervjue”. Han fortel at han var samen med ein kollega inne på kontoret til sjefen då dei merka eit veldig drønn rett under seg. Alt vart mørkt, det fauk kalkstøv rundt dei. Dei klarte ikkje å få opna døra inn til butikken, dei måtte knusa vindauget for å koma seg ut. Den andre ekspeditøren vart køyrt til sjukehuset med ein gang. Ekspeditøren er forundra over at eksplosjonen skjedde i ein ende av huset der det ikkje skulle finnast sprengstoff. Journalisten spør om det kan ha oppstått brann først, og om eksplosjonen kunne vera ei følgje av brannen, men ekspeditøren avviser bestemt den teorien. Han fortel at det var tilsett åtte ekspeditørar hos Helgeland. Tre av dei var i kjellaren då eksplosjonen skjedde, men alle hadde kome seg ut.

Klokka 15.10 vart den første omkomne funnen. Det var ein gut på 14-15 år. Han vart funnen like utanfor butikken, veggen hadde ramla over han under eksplosjonen. På dette tidspunktet var det framleis mange rykte og stor forvirring, men det begynte å verta klart at ei kvinne som hadde jobba i skobutikken måtte ha omkomme. Ei anna kvinne som jobba der hadde kome seg ut. Det hadde også gått rykte om at ei kvinne som jobba på Grand hotell hadde omkome, Fremtiden melder at det ikkje stemte. (Seinare viste det seg å stemma likevel.)

På sjukehuset låg det 12 skadde, tre av dei hadde alvorleg skadar, ”deriblandt en brandmand som under utøvelsen av sit farefulde arbeide hadde faat armen stygt skadet i glasstumper.”

Eigaren av butikken, Axel Helgeland, hadde nettopp kome tilbake frå ferie. Han hadde vore i forretningen fram til klokka var 11.15, då hadde han gått på Harmonien for å drikka kaffi.

” Som jeg sat her hørte jeg et voldsomt smeld. Da jeg kom ut paa gaten saa jeg røken og flammerne. Og i neste øieblik var jeg paa stedet.”

Neste dag melder Drammens Tidende at fire omkomne var funne, medan fire personar framleis var sakna. No var det klart kven den unge guten som hadde fått veggen over seg var. Det hadde vore forvirring rundt dette, for ein annan visergut som hadde vorte skadd og var brakt til sjukehuset ville lenge ikkje oppgje namnet sitt, ”af frygt for at skræmme sine paarørende.” Resultatet var stor forvirring – og neppe mindre frykt hos dei pårørande...

Ein lagersjef hadde vore inne i eit rom der det var oppbevart sprengstoff. Han vart funnen inne i garnbutikken like ved, han hadde blitt kasta gjennom veggen. Då han vart funnen var han ”stygt tilrædt og ugjenkjendelig”, står det. Lagersjefen var 28 år, gift, og han hadde tre barn.

Ei ekspeditrise i Raades skotøimagasin var den tredje som vart funnen. Ho hadde site og sydd i eit rom like ved der sprengstoffet var. Heile dette rommet var blitt fylt med stein under eksplosjonen, så ho må ha omkomme straks. Ho var 18 år.

Midt på dagen var framleis fire personar sakna: ein kontorbetjent, ei ung kvinne, frøken Martha Sølvernæs frå Sogn, som jobba på hotellet, den andre ekspeditrisa i skobutikken og ein ”kjører”. Avisa slår fast at ”disse er sikkert omkommet.” Det kan også tenkast at det kan ha vore fleire til stades:

To reisende var nemlig umiddelbart før eksplosionen kommet til Grand hotel, hvor de skulle leie rum. Frøken Sølvernæs hadde netop været på kontoret og konferert med kontordamen om værelse til de to herrer, som sat i spisesalen og ventet. Saa er det forfærdelige skedd, og sandsynligheten taler for at frøken Sølvernæs og de to ukjendte herrer har fundet døden samtidig. Hvem og hvorfra de var, vet ingen; for deres navn var endnu ikke indført i fremmedboken.

På taket til Grand hotell hadde det stått ei svær telefonmast, den var no borte. Det førte til at alle forretningane rundt torget, i alt omtrent 100 abonnentar, vart utan telefonsamband. Eit stort mannskap var i sving med å få reparert skaden, og det var håp om at det skulle vera i orden i løpet av dagen.

Avisa oppsummerer slik: ”Som vi nævnte igaar utførte brandvæsenet et glimrende arbeide – et arbeide som hele byen værdsetter og beundrer. Den dristige maate hvorpaa brandfolkene satte sit eget liv i fare baade for mulige nye eksplosioner og svaiende murvægger, krever respekt.”

Neste formiddag fann dei ein eldre mann som var omkommen. Det var ein mann frå Lierstranda som hadde vore innom Helgeland for å kjøpa spiker. Han vart funnen rett innanfor døra til butikken. Ein av dei som hadde redda seg ut frå kjellaren i butikken hadde vore nede der for å henta spiker til mannen.

Leiting og opprydding gjekk for fullt utover dagen. Då dei hadde fått grave fram disken i butikken til Helgeland fekk dei som rydda ein alvorleg støkk, dei fann nemleg ein kasse ”knaldperler” som ikkje hadde eksplodert. Lenger inne fann dei ein kasse med ”Echo”.

”Echo” er som bekjendt et av vore frygteligste sprængstoffe, men det har den fordel fremfor de fleste, at det ikke er saa ømfindtlig som disse m.h.t. friktion og støt. Hvilken katastrofe som vilde indtruffet om denne kasse ”Echo” var blit bragt til at eksplodere kan man let tænke sig.

Det vart funne meir sprengstoff under ryddearbeidet, så det er heilt klart at det har vore meir sprengstoff enn det som var lovleg i lokalet. I rommet bak butikken fann dei ein kasse:

Brandfolkene brukte kilhakker under arbeidet og da det opdagedes at det var en hel kasse man traf paa, blev man litt mere forsiktig i behandlingen av frygt for at den muligens kunde indeholde sprængstof. Der var som bekjendt fundet sprængstof før i butikken. Og ganske rigtig. Kassen viste sig at indeholde dynamitpatroner. Under arbeidet hadde en av arbeiderne hugget tilhakken tre tommer ned i kassen. Folkene blev staaende som fjætret; man ansaa det for et rent under at der ikke havde fundet en eksplosion sted efter en slik behandling. En eksplosion der vilde ha krævet en række nye ofre.

Ryddearbeidet var altså svært farefullt. Når ein slik katastrofe har skjedd er det heilt naturleg at det vert spekulert på kva som har skjedd. Drammens Tidende snakka med fleire personar som var sikre på at dei hadde høyrt tre eksplosjonar, ikkje berre ein eksplosjon. Mange syntest det var rart at så små mengder med sprengstoff skulle føra til ein så krafig eksplosjon. Avisa åtvarer publikum mot ”at dra for hurtige slutninger i denne sak men vente og se hva den utenretslige efterforskning bringer for dagen.”

På dette tidspunktet låg tre personar framleis på sjukehuset, ein brannformann, ein butikkvoluntør og ei kvinne. Doktor Hall fortel at dei har det ”meget vel”.

Laurdag 14. august fortel Drammens Tidende om ein spesiell episode rett før eksplosjonen:

En gut i 12 aars alderen Thorstein Bakke, søn av maskinist Bakke ved Skoger meieribolag, var inde i Helgelands butik for at kjøpe endel varer til en bil for Brødrene Nilsen paa Strømsø.

Gutten hadde faat varene og skulde til aa betale da en av butikkbetjentene spurte de kunder som var inde: ”Kan Dere kjende den rare lugten?” Betjenten gik et par skridt mot døren til bakværelset, men sprang frem igjen og ropte: ”Fly alle sammen, men fort!” Han tok gutten i trøiekraven, kastet ham mot døren og sa: ”Fly ut gut!” Torstein skjønte ingenting, men sprang allikevel, saa hurtig han kunde. Da han var kommet til aviskiosken hørte han et voldsomt smeld og da han saa sig tilbake gik hele taket i luften.

En anden kunde, en voksen mand, i butikken gjenkjendte gutten igaar. Manden som kom ut efter Torstein, blev saaret i hodet.

Grand hotell hadde fått store skadar under eksplosjonen. Kjøkken, matsal, røykesal og salong var øydelagt, og avisa snakka med Peterson ved hotellet for å få vita korleis det skulle gå med drifta framover. Peterson fortel at dei er i ferd med å laga kjøkken i den nye hotellbygningen, så dei kan snart ta mot gjestar som før, men selskap og andre arrangement kan dei ikkje ta seg av med det første.

Dei to reisande som hadde vore innom hotellet for å bestilla rom då det eksploderte, hadde klart å redda seg ut, fortel Peterson. Dei hadde ikkje berre vore to, dei var tre forretningsmenn frå Kristiania (Oslo) som var i Drammen for å avslutta ein tømmerhandel. Straks etter at frøken Sølvernæs hadde gått for å ordna med rom for dei hadde dei høyrt eit dumpt brak. ”I næste øieblik blev stoler og borde feiet bort og taket faldt ned over dem. De løp da mot spisesalen, hvorfra flammer slog dem imøte. De vendte sig saa mot korridoren, hvor de vidste at Martha maatte befinde sig, men ogsaa her var et ugjennemtrengelig flammehav. De sprang tilbake til røkeværelset, hvorfra de slap ut ved hjælp av en stige som blev sat op til dem. De slap merkelig nok aldeles uskadt fra det hele og reiste ganske snart tilbake til Kristiania.”

Det vert også fortalt om ei kvinne som jobba på Grand hotell. Ho mista alt ho hadde, deriblant 3000 kroner i kontantar. Dette var pengar ho hadde tatt ut av banken eit par dagar tidlegare, ho kjende seg ikkje heilt trygg på at banken i Drammen var sikker nok. ”Hun agtet senere at sætte pengene i en Kristianiabank, som hun mente var sikrere, hvis et krakk skulde komme!”

Dagen etter eksplosjonen oppsummerer Drammens Tidende:

Den frygtelige katastrofe har fremkaldt almen sorg. Dyp medfølelse med de avdødes efterladte og med de lidende saarede. Den forretningsmand hos hvem ulykken indtraf kan vi kun beklage. Hans byrde og ansvar er tungt nok om ikke utenforstaaende lægger sin bebreidelse til. Desuten vil jo den retslige side av saken undersøkes av myndigheterne.

Men med sorgen fyldes man av harme mot vore myndigheter, mot lovene, mot de slappe forordninger og den utilstrekkelige kontrol.

Isenkramhandlarar, våpen- og sportsforretningar hadde lov til å selja fenghetter, krut og dynamitt. Rett nok berre små mengder, 10 kg dynamitt og 2 ½ kg krut ”i en særskilt til utsalgsstedet hørende pakbod”. Men den som ville kjøpa jaktpatroner, måtte ha løyve frå politiet, og no vert det stilt spørsmål ved om ikkje dei som har bruk for sprengstoff burde kunna ta turen til ein meir isolert stad for å kjøpa det dei treng, i staden for at ein butikk midt i sentrum skulle forhandla slike varer. Det vert også stilt spørsmål ved om kontrollen har vore god nok.

I alt mista ni menneske livet i denne eksplosjonsulykka. Drammens Tidende slår fast at det kunne gått endå verre dersom eksplosjonen hadde skjedd på eit anna tidspunkt. Vi ser også kor tilfeldig ei slik ulykke kan ramma:

At der ikke gik flere menneskeliv med i Drammen, maa betragtes som et usedvanlig held i uheldet. Hadde eksplosionen indtruffet f. eks. paa en lørdag, ville sandsynligvis et halvt hundre mennesker gaat med. Nu vilde tilfældet, at de to stærkt benyttede rum i hotellet over eksplosionsstedet i øieblikket stod tomme. Det har ikke ofte hændt. De var nemlig leiet til en generalforsamling i et aktieselskap, og de første av selskapet kom netop over torvet. En løp op til kiosken for at kjøpe en avis, og de andre heftet sig litt imens. Saa skulde de ind. Da kom væggen med dører, vinduer og en regn av andre gjenstande like mot dem. Men de slap med livet. Like saa skjæbnesvangre var sekundene i motsat for en pike fra Sogn, som tjente paa hotellet. Hun gik ut av døren i værelset ved siden av, antagelig for at se efter, at alting var iorden paa de to rum, hvor generalforsamlingen skulde holdes. Hun fik lukket døren efter sig og tat nogen skridt bortover. Da løftedes gulvet under hende og hun faldt sammen med den øvre del av bygningen ned i ruinmassen, som øieblikkelig tok ild. – Forhaabentlig blev hun svimeslaat under selve eksplosionen, saa hun ikke følte noget. At de andre som døde blev slaat ihjel ved selve eksplosionen, er det neppe tvil om. Men som sagt, slikt maa ikke mere kunne indtræffe. Dynamit og andre sprængstoffer, som er like saa farlige, maa ekspederes og lagres paa mere betryggende maate.

Avisene ser også på kor store verdiar som har gått tapt. Verdien blir vurdert til 1 ½ til 2 millionar kroner, noko som kan tilsvara 25-30 millionar i dagens pengeverdi.

Kjelder:
Drammens Tidende 12., 13. og 14. august 1920
Fremtiden 11., 12. og 13. august 1920

Artikkel - info 
Sist endret 10.01.2011 Terje Bautz
Opprettet 14.04.2009 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut