Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Potet frå Peru til Buskerud

I år er det eit år til ære for poteten: FNs internasjonale potet-år. Skal lure på korleis poteten kom til Buskerud.



Av Olav Norheim

Det har vore potet-år i heile år. Over heile verda. Det er fordi poteten er ei av dei viktigaste matvarene som finst. Nest etter ris og kveite og mais, er det potet folk et mest av i verda i dag. Derfor ville FN (Dei foreinte nasjonane) gjerne gjera stas på poteten i år. FN vil vise at poteten er god og viktig og sunn mat. Poteten kan berge livet til mange menneske på jorda. No er det Kina og India som dyrkar mest potet i verda.

For nokre år sidan var det FNs internasjonale ris-år. Og i år har det altså vore potet-år.

Potet oppi Andesfjella

Kvar kjem poteten i frå? Og når og korleis kom han hit?

I Sør-Amerika har dei dyrka potet i mange tusen år, så lenge som 8 000 år, kanskje lenger. Det er lenge, det. For 8 000 år sia var det berre så vidt det var folkPotet her i Buskerud, berre nokre få menneske ute ved kysten og inne i skogen og oppe på vidda. Det var ingen bygder og ingen byar.

Men i Sør-Amerika budde det mykje folk, då som no. Langt oppi lia i Sør-Amerika, høgt oppi Andesfjella, der dyrka dei nokre fine knollar i jorda for mange tusen år sidan. Det var poteten. Andesfjella ligg i Peru og Bolivia og Chile og Argentina. Dei som budde oppe i fjella der dyrka mange slags potet. Det gjer dei enno.

Oppdagarar frå Europa

For sirka 500 år sia begynte det å koma oppdagarar frå Spania og Portugal til Sør-Amerika. Dei ”oppdaga” Amerika, sa dei, akkurat som Amerika ikkje alt var oppdaga av dei som budde der frå før. Europearane oppdaga masse gull og sølv – og potet.

Alt det tok dei med seg tilbake over havet til Europa, poteten også. Dei brukte poteten som skips-kost, mat på skipet på vegen heim att.

Då dei kom heimatt til Spania, var det ein kaptein på eit skip som gav ei potet-plante til den spanske kongen. Filip den andre, heitte kongen. Han og dronninga syntes potet-planta var så fin, med blomster i fine fargar. Dei sette planta til pynt. Så fekk dei vite at potet-knollane kunne etast. Det smakte godt. Og det var starten på poteten i Europa.

Potet til Norge

Poteten kom til Norge midt på 1700-talet. Då hadde poteten ”vandra” nordover gjennom Europa – til Frankrike, Tyskland, Nederland, Russland, England, Irland, Danmark, Sverige og endeleg hit til landet.

Folk tok med seg potet til Norge på fleire måtar: For 200 år sia var det norske soldatar i Tyskland og Danmark, og dei tok med seg potet heimatt. Handelsfolk frå Sverige tok med seg potet til Norge. Prestar som hadde studert i København, tok med seg poteter frå Danmark til Norge. Dei vart kalla potet-prestar fordi dei preika om poteten i kyrkja. Og så dyrka dei potet på prestegards-jordet. Dette er omtrent 250 år sia.

”Kanteføl-laget” i Hol

Ein av dei første vi veit om som dyrka potet i Buskerud, var bonden Ola Hamarsbøen i Hol i Hallingdal. Han Ola følgde med på alt nytt, og hadde fått tak i potet hos ein bonde i Hardanger. Ola ville prøve å dyrke kanteføl, som han sa. Mange stader i Hallingdal seier dei nemleg ”kanteføl” for potet, akkurat som danskane seier ”kartoffel”. Ungane til Ola Hamarsbøen vart mobba av dei andre ungane i bygda. Dei vart kalla ”kanteføl-laget” fordi far deira dyrke potet. Meir skulle det ikkje til.

I dag blir heldigvis ingen erta for at foreldra dyrkar potet.

Artikkel - info 
Sist endret 08.12.2008 Terje Bautz
Opprettet 08.12.2008 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut