Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Jordskjelvet søndag 23. oktober 1904
Sterke jordskjelv er ganske uvanleg her i landet, men av og til opplever vi jordskjelv også her. Det sterkaste jordskjelvet vi kjenner til i vårt område skjedde søndag 23. oktober 1904, midt i kyrkjetida, eit par minutt før klokka 11.30.



Av Irene Vedaa, illustrasjoner; Geir Helgen

Eg har tatt ein titt på kva som stod i Drammens Tidende i dagane etter skjelvet.

Måndagar kom ikkje Drammens Tidende ut, men tysdag 25. oktober hadde avisa ein lang artikkel om kva som hadde skjedd: ” en by i forfærdelse maatte Drammen igaarformiddag ved 11 ½-Tiden siges at være. Ved denne Tid tog den ellers saa faste og urokkelige Jordbund pludselig til at gynge og ryste, og Husene knagede i sine Sammenføininger, som vilde de styrte sammen.”

Avisa slo fast at det var eit temmeleg voldsomt jordskjelv. I Drammen begynte skjelvet som ”en dump Knurren og en Susen som af Storm”. Jorda og husa gynga som dekket på eit skip. Ovnar klirra, og fleire stadar ramla ting ned frå veggane. Mellom anna på jernbanestasjonen stoppa alle klokker.

Jordskjelv1Det vart mykje oppstyr i kyrkjene, særleg i Bragernes kyrkje, som var godt besøkt denne dagen. Her oppstod det panikk, folk styrta mot utgangsdøra slik at kjolar og frakkar vart flenga, og stokkar, paraplyar og hattar vart øydelagte. Mange svima av, og ei kvinne fall og braut eit ribbein, men elles vart ingen skadd.

Eit dampskip som låg ved kai hadde ruska slik i fortøyninga at alle trudde at taua skulle slitna. Kaien hadde bevega seg i bølgegang, og enkelte påstod at elva bobla og kokte.

Her er også rapport frå dei ulike delane av Buskerud, først frå områda nær Drammen. Frå Konnerud vert det fortalt at kyrne ”satte i Forfærdelse alle fire Ben ud og begyndte at brøle.” Skremte husdyr vert det også fortalt om andre stadar. Den som fortel frå Kongsberg, skriv at katten vart så redd ar han la seg aldeles flatt ned på golvet.

Nesten over alt i Buskerud vert det fortalt om kraftig risting, vindaugsruter som vart knust eller sprakk, og om murar og skorsteinar som vart skadd. Frå Vikersund vert det i tillegg meldt at ”Luften var tung, og Hovedpine var almindelig blandt Folk.”

Minst dramatikk ser det ut til å ha vore i Nore, ”der kunde man saavidt merke en svag Bevægelse, og et skarpt Øie kunde se Kirketaarnet svaie.” Meldinga frå Tverråsen er også ganske nøktern: ”Oppe paa Tveraasen (mellem Eker og Lier) mærkedes intet til Jordrystelsen, meddeles der os; men man hørte en stærk Dur.”

Så vert det fortalt om skjelvet i hovudstaden, og ikkje minst frå Fredrikstad:

Særlig voldsomt synes Jordskjælvet at have virket i Fredrikstad. Her opstod i alle Kirker vild Panik, hvorunder Folk besvimede og blev traadt paa. Baade blevJordskjelv2 hævet op fra Bunden. I mange Huse blev Glastøi og Nips slaat itu. Flere Skorstenspiber faldt overende. En af Folkeskolebygningerne har slaat en stor Revne, og Vandledningen har faat flere Lækager. I Østre Fredrikstad Kirke faldt en Del af Tagrapningen ned og voldte voldsomt Opstyr. En Mand kom adskillig til Skade, idet han hoppede ud gjennem et af Vinduerne i Kirken.

Skjelvet vart også merka i Sverige og Danmark, men ikkje i England, får vi vita.

Allereie neste dag, onsdag 26. oktober 1904, har Drammens Tidende eit innlegg frå professor i geologi, W.C. Brøgger, om jordskjelvet.

Han slår fast at jordskjelvet kom uventa, også for fagfolk, fordi vårt land ligg i eit svært stabilt område. ”Ja vi lever unegtelig i disse Henseender under usædvanlig trygge Forhold!” Så fortel han om andre stadar på jorda, som Mexico og Japan, der små og store jordskjelv er daglegdags.

Professoren fortel at sidan 1880-talet har geologar kvart år gitt ut ein rapport om jordskjelv i Noreg. Dei hadde lenge argumentert for å få oppretta ein jordskjelvstasjon i Bergen, men hadde ikkje fått gjennomslag for dette enno.

Brøgger fortel om tidlegare skjelv i landet vårt. Han nemner eit skjelv 4. mai 1657. Dette skjelvet likna på mange måtar det jordskjelvet som nettopp hadde vore. Også dette skjelvet skjedde midt i kyrkjetida, men var truleg ikkje fullt så kraftig. Presten Michel Tomesøn har skrive om dette skjelvet. Elles nemner Brøgger desse skjelva:

27. september 1780
24. juli 1808
fleire små skjelv i november 1823
3. september 1834
18. april 1851
5. januar 1886

Desse skjelva, meiner han, viser at det er eit område i Skagerak der ”Jordskorpens Beskaffenhed er saaledes, at der fra Tid til anden her foregaar større eller mindre Sætninger, som ledsages af Jordskjælv. Og at dette er saa, derpaa har det netop indtrufne betydelige Jordskjælv leveret et kraftigt Bevis.”

Vidare fortel professoren om skalaen som på denne tida vart brukt for å bedømma jordskjelv. Rossi og Forel hadde laga denne skalaen:

1. Meget svage Rystelser, kun at iagttage med fine Instrumenter.
2. Svage Rystelser kun bemerkede af øvet Iagttager eller ved Hjælp af Instrumenter.
3. Rystelser bemerkede af enkelte i Øieblikket ikke beskjæftigede Iagttagere.
4. Rystelser iagttagne af mange Individer i Virksomhed, ved Klirren af løse Gjenstande som Vinduer osv.
5. Rystelser merkede af enhver; Møbler rystes, Klokker ringer osv.
6. Folk vækkes af Søvne; Uhre stanser, Lysekroner etc. kommer i Svingning; Jordskjælvet fremkalder Følelse af Skræk.
7. Løse Gjenstande kastes overende; Kirkeklokker ringer; almindelig Skræk; dog ingen nævneverdig Skade paa Huse.
8. Skorstenspiber falder ned; Murvægge slaar Rævner.
9. Endel Bygninger ødelegges delvis eller ganske.
10. Store Ødeleggelser; Jorden slaar Revner osv.

Ut frå denne skalaen plasserer Brøgger skjelvet nokre dagar tidlegare på 7. trinn, enkelte stadar til og med på 8. trinn.

Han ser også på tidspunkta for når skjelvet vart registrert på ulike stadar, og ut frå det finn han kvar sentrum for skjelvet var, og med kor stor fart skjelvet forplanta seg. Brøgger konkluderer med at sentrum for skjelvet må ha vore i den sørlege delen av Skagerak, og han seier skjelvet var svært sterkt: ”thi denne Hastighed svarer til Hastigheden for meget betydelige Jordskjælv.” Han slår fast at skjelvet den 23. september 1904 var eit forkastningsjordskjelv.

HER kan du lese professor Brøggers artikkel i Drammens Tidende

Fagfolk i vår tid har også sett på dette skjelvet, og dei har meint at episenter for skjelvet (altså sentrum for skjelvet), låg utanfor Fredrikstad. Dei har funne at skjelvet har hatt ein styrke på 5,4 på Richters skala. Desse fagfolka er samde med Brøgger i at dette skjelvet truleg er det sterkaste i dette området i historisk tid. ”Historisk tid” er eit uttrykk vi bruker om den tida vi har skriftlege kjelder frå.

Jordskjelvet var naturlegvis eit tema for avisa ei stund framover. Det kom fleire meldingar om mindre jordskjelv – små etterskjelv er vanleg etter store jordskjelv. I tillegg var nok mange folk skremt etter hendinga, det var nok ikkje få som tenkte på ”dommedag”. Dermed er det rom for å sjå etter ”varsel” i naturen. Fredag 29. oktober står det ei melding i avisa om at ”en luftspeiling iagttoges Fredag Eftermiddag fra Kl. 4 til 4 ½ fra Tunevandet. I sydvestlig Retning saa man over Skogtoppene en Mandsskikkelse, som viste sig med al mulig Tydelighed.”

Men det var også nokon som syntest alt oppstyret rundt jordskjelvet vart litt i overkant. Laurdag 30. oktober var det ein lesar som skreiv til avisa:

Hr. Redaktør.

Er De ikke enig med mig i, Hr. Redaktør, at Snakket om Jordskjælv nu om Dagen holder paa at udarte? Vel nok er det, at man faar Greie paa, hvad som hænder af den Slags; men naar Jorden giver sig til at skjælve baade i Tide og Utide, baade her og der, er jeg nærmest tilbøielig til at tro, at det er de forskjellige Meddeleres eget Indre, som endnu ikke er kommen riktig i Ro igjen efter Søndagens – utvilsomt for vore Forhold – enestaaende Revolution af vor ellers saa rolige og fredelige Moder Jord.

Artikkel - info 
Sist endret 15.03.2011 Terje Bautz
Opprettet 13.10.2008 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut