Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Tjørebrenning
I gamle dagar var tjøre den vanlegaste måten å beskytte hus og båtar mot vèr og vind. Frå mellomalderen kjenner ein til at stavkyrkjene skulle tjørebreiast med jamne mellomrom, og enkelte bønder betalte også tiende til kyrkja i form av tønner med tjøre.



Av Ole Tveiten

Tørebrenning har truleg føregått mykje lenger tilbake i tid, for ein har funne restar av ein tjørebreidd båt som er over 1500 år gamal. Om ein kokte inn tjøra blei den til bek.

Tjøre har i Noreg hovudsakleg vorte laga av tyrived. Tyri er fettstoffet (harpiksen) ein finn i røtene og kjerneveden til furutreet. For å få ut tjøra blei ei grøft eller Tjæremilegrop (gjerne kalla ”tjøremile”) spadd inn i skrånande terreng. Innsida blei dekka av trevirke, sand og never, og deretter fylt opp med tyrived. Så blei heile vedstabelen dekka av torv, og påtent i toppen eller langs kanten. Varmen jobba seg innover i vedstabelen, og tjøra ”svetta” ut. For å samle opp tjøra blei det satt ei tønne i botnen av gropa, eller det blei laga til ei renne så tjøra rant ut av gropa.

I nyare tid har tjøre også vorte laga i eigne tjøreomnar, som var murt opp av stein eller tegl. Her låg tyriveden i eit eige rom, som blei varma opp utanifrå. Ein enklare variant av denne metoden var å bruke ei støypejarnsgryte. Tyriveden vart då stabla på ein stein, og gryta satt opp-ned over denne stabelen. Så blei eit bål tent opp rundt gryta, og tjøra kunne tappast ut gjennom kanalar som var lagd til på forhånd.

Tegning; Ole Tveiten

Artikkel - info 
Sist endret 08.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 31.03.2008 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut