Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Gislerudenkja frå Hallingdal
På Gislerud gard i Flå budde det mot slutten av 1700-talet ei enkje. Enkja hadde mange beilarar, for hun var eit godt gifte for nokon og ein kvar.



Av Olav Såtvedt


GislerudenkjaFotograf: Copyright: Geir HelgenHo sit der i sleden. Granden Eiliv hadde sagt at denne vinteren ville han reisa til Kongsberg-marknan og spurde om ho ikkje vil vera med. Og ho takka og svara straks: jau, det vil eg.

Ho hadde gått der med si sorg, slik grannar og skuldfolk meinte at ho burde. For ho, Gislerudenkja, hadde tapt så mykje. Ein staseleg husbond hadde ho hatt. Han var nestan tretti år eldre enn ho. Men den gråhåra storbonden som far hennar hadde sagt at ho måtte seia ja til, vart ikkje den gamle kallen som ho var redd for at han skulle bli. Det hadde vore eit godt gifte, og det vart enno betre då han brått døydde. Ein morgon låg han der berre. Kvit. Kald. Då fekk ho sorg, for han han hadde vore snill. Men så kjende ho snart ei veksande glede. Den voks og voks. Ho var fri!

Så vart det gravferd. Eiliv frå nabogarden sat der i kyrkja og song salmane som dei andre, fylgde med til grava. Så kom han nærmare, til slutt strauk han ho nestan umerkeleg over armen og sa: «Dette var leit det.» Meinte han det? Eller var det noko heilt anna han meinte: «Dette var det beste, det.» Men Eiliv? No som ho var fri til å velgja - var barndomsvenen Eiliv den ho då ville velgja?

Ho sa takk til å reisa til Kongsberg-marknan med Eiliv. Tenkte ikkje at det var noko gale. Sette seg i sleden, med både ulveskinn og bjørnepels over seg.

Eiliv peisar på hingsten. Han veks der han sat: detta kan eg. Ser du det ikkje? Hesten er min. Eg kjenner han. Og han kjenner meg. Og han syner dette med heile seg: Eg er den du treng no, du enkja på Gislerud. Sjå meg, sjå kor eg driv hesten, sjå kor eg ser på deg. Du er så vakker der du sit i sleden.
Du er med meg. Eg tek denne turen til Kongsberg-marknan berre for deg. Høyr den glade bjelleklangen, bjellene syng for oss. Berre for oss.

Så er dei framme. Men då ser dei den karen dei båe har høyrt om. Eiliv veit straks kven det er: Lonarguten. Dei kallar han berre for det. Han er i frå Telemark, og kjem til Kongsberg-marknan kvart einaste år. Drikk og slåss. Men jentene flokkar seg kringom han. Dei seier han er ein staseleg kar. Eiliv
vil ikkje seia kva han meiner.

Så sit dei der i kroken, kritpiperøyken driv under taket. Eiliv ser at ho fylgjer teleguten med augo. Ser at ho berre ventar og håpar at karen skal sjå ho der ho sit. Men den Lonarguten - han ravar ikring, dansar med den eine, og så med den andre. Så vert det visst for mykje for han. Han står der midt på golvet. Eiliv tek sjølv ein sup av ølet ­ og ser då at Lonarguten ravar, vert bleik og brøytar seg brått veg ut døra. Men då reiser ung-enkja seg, fylgjer etter den framanda ut i natta!

Eiliv er sorgtung og einsam. Så er den telemarkingen betre enn han, jamvel om Lonarguten er så drukken at han stupar, så er visst det det same.

Javel, Eiliv går ut til hesten. Hingsten står der. Humrar, ventar: glad for å sjå han koma: Gløym no dette, Eiliv! Eiliv løysar han, stig opp i sleden. No ska’ dei fara heim til Hallingdal, i svarte natta skal dei fara. Du har rett, gamp. Den Gislerud-enkja vil vi ikkje venta på, vi to. Ho får styra som ho vil.

Eiliv sit i mørkje under stjerneljoset, men bjellene har mista den glade klangen.

Artikkel - info 
Sist endret 04.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 30.04.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut