Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Kampen mot tuberkulosen
Betre kosthald og betre hygiene, saman med innlagt vatn og elektrisk straum er den viktigaste årsaka til at styresmaktene vann kampen mot tuberkulosen. Nye behandlingsmåtar og nye hjelpemiddel i legevitskapen gjorde resten.


Av Kåre Olav Solhjell

Kring 1900 skuldast eitt av fire dødsfall tuberkulose og andre infeksjonssjukdommar. Dei som døydde, var oftast unge, eller vaksne i sine beste år. Midt i århundret var desse sjukdommane langt på veg utrydda som dødsårsak. Sunnare kosthald og betre hygiene var viktige våpen i kampen mot sjukdommane. Legebehandling og nye medisinar gjorde resten.

Tuberkulose

Foto fra boken Folkets helse - landets styrke 1850-2003. Universitetsforlaget



Tuberkulose er ein infeksjonssjukdom som kjem av smitte med tuberkelbasillen. Smitta kan påvisast ved hjelp av tuberkulinprøver, såkalla pirquet-prøver. Det går seks til åtte veker frå ein er smitta til prøven blir positiv. I 1900 reknar ein med at nær heile befolkninga over 15 år var smitta. Berre eit lite tal av dei vart alvorleg sjuke. Sjukdommen sette seg først i lungene, men kunne utvikle seg vidare til andre organ. Om sjukdommen stansa på eit tidleg stadium, var pasienten immun mot nye angrep. Vanlege behandlingsmåtar var kuropphald og operasjonar. Sidan slutten av 1940-åra har behandling med antibiotika vore effektiv. Elles har det vore lagt stor vekt på førebygging. Det vil seie oppsporing av smittekjelder og vaksinering.

I Ål var det i 1906 registrert seks alvorlege tilfelle av tuberkulose, og 12 i Hol. Elleve personar døydde av sjukdommen det året. I 1907 døydde 13 personar i dei to kommunane til saman. I tiåret mellom 1910 og 1920 døydde det gjennomsnittleg åtte personar i året av sjukdommen. Dødstala var fallande utetter i 1920-åra, og etter at Hol vart eige legedistrikt i 1936, var det påfallande lite tuberkulose i Hol. I åra fram til krigen kom det eitt nytt sjukdomstilfelle i året. I perioden frå 1932 til 1942 døydde berre 4 personar i Hol av sjukdommen. Kampen mot tuberkulosen var såleis langt på veg vunnen før det landsomfattande programmet med skjermbildefotografering og vaksinering vart sett i verk i åra etter krigen.

Oppdaginga av bakteriane i 1880-åra gav ny kunnskap om samanhengen mellom hygiene og sjukdom. Ved å betre dei hygieniske tilhøva oppnådde ein store framsteg i kampen mot dei dødelege infeksjonssjukdommane. Av dei var tuberkulosen den verste. Hygiene har å gjere med personleg reinsemd og med vask og reinhald i husa. Det har å gjere med samværsformer der folk møtest utanfor heimen. Det har også å gjere med vassforsyning og handtering av kloakk og anna avfall. Eit arbeid for å endre dei hygieniske tilhøva blir difor eit arbeid for å endre veremåten til folk i det daglege.
Det stod dårleg til med den personlege hygienen i Hallingdal ved inngangen til 1900-talet: Hallingen bærer gilde utenpåklær, men indenfor møder vi den mest skjærende modsetning, og vask av selve legemet, når undtages ansigt og hender i vandøsen, forekommer sjelden, og for en stor dels vedkommende aldrig. Det låg oftast ei søppeldynge ved kvart hus, og vaskevatnet vart kasta utover troppa. Spytt var den verste smittespreiaren. Folk tok med seg vanen heimefrå og spytta på golvet i forretningar og offentlege hus. Difor vart det plassert spyttebakkar alle stader der folk samlast. Dei skulle fyllast med brisk eller sagflis. Snus og skråtobakk auka trongen til å spytte. Snusen kom til Hallingdal med anleggsarbeidarane ved Bergensbanen.

Vatn og elektrisk straum
Folk hadde lite å hjelpe seg med. Vatnet måtte berast inn, ofte lange vegar. Varmt vatn måtte vermast på omnen. Folk budde trongt og låg i skinnfellar på sengehalm. Etter kvart vart halm bytta ut med madrassar, og dyner og teppe kom i staden for skinn. Innlagt vatn var likevel største hjelpa. Nye hus vart bygde med innlagt vatn i tida etter første verdskrigen. På 1930-talet fekk dei fleste gardane i Hallingdal trykkvassforsyning frå eigen brønn eller bekk.

Ved sida av innlagt vatn var elektrisk straum ein viktig føresetnad for god personleg hygiene og reine hus. Lyset trengde inn i mørke og skitne krokar, samtidig som vatnet frå varmtvasstanken gjorde det enkelt å gjere dei reine. Både lys og varmt vatn vart tilgjengeleg for mange i 1930-åra. Det gjekk likevel minst eit tiår etter krigen før desse to godene nådde alle. Samtidig vart det vanleg å bygge vassklosett i nye hus. Befolkningen har adskillig sans for sanitærutstyr ved nybygging, skreiv Thor Hval, distriktslege i Hol i 1946.

I 1947 vedtok Stortinget to lover som kunne påby at personar framstilte seg for skjermbildefotografering og tuberkulinprøver. Skolebarna var tekne hand om av dei lokale helsesøstrene. Men for å dekke den vaksne befolkninga sette Sosialdepartementet i gang eit storstilt program i jakta på smittekjelder. Det var her Birgit Villand fekk arbeidet sitt i mange år. Skjermbildefotografering er ei enkel form for røntgenundersøking der bildet av dei gjennomlyste lungene blir fanga opp på ein skjerm, som deretter blir fotografert med eit vanleg kamera.


Kjelder:
Aschehougs konversasjonsleksikon, femte utgave 1972.
Kåre Olav Solhjell: Hol i hundre år. Historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet. Bind I, Jernbanen og fjellbygda 1900 - 1950.

Artikkel - info 
Sist endret 06.01.2010 Terje Bautz
Opprettet 02.04.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut