Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Tuberkulosesøsteren
Birgit Villand vart fødd på Villand i Hovet i 1898. Etter at søstera hennar døydde av tuberkulose i 1919, bestemte ho seg for å bli sjukesøster. På grunn av eigen sjukdom og plikter i heimen måtte utdanninga utsettast, men i 1931 var ho ferdig utdanna helsesøster. I 1950-åra reiste ho landet rundt som ”tuberkulosesøster”. Ho døydde i 1989.


Av Kåre Olav Solhjell

Birgit Villand var femte barn i ein søskenflokk på 12 på Søre Villand i Hovet. Foreldra var Pål Pålson frå Aslegard i Skurdalen og Sissel Larsdotter Øvrejorde frå Hovet. Dei kjøpte Søre Villand i 1889 og sette straks i gang med å forbetre garden, både heime og på stølen. Birgit hugsa foreldra sine som barnekjære og milde. Sjølv fekk ho som storesøster til sju mindre søsken tidleg lære å lytte til ønske frå andre. Foreldra innprenta barna at dei skulle vere ærlege og aldri skulde på andre. Sparsemd og ein enkel levemåte var halde fram som høge ideal. Kvar laurdag gav Pål Villand ungane ti øre. Det skulle vere betaling for at dei ikkje drakk kaffi og ikkje åt sukker. Pengane skulle rett på sparebøssa. Men Birgit vart så sukkersvolten at ho stal med sølvskeia frå den fine sukkerkoppen. Mora såg klumpar på skeia og forstod kven som var syndaren: Men er det du som stel sukker, Billa? Det må du aldri gjera, for då kjem du inkje åt himmelen. Slike ord brende seg fast.

Kista til gommo
Birgit Villand som kom til å sjå så mange unge døy, fekk tidleg lære om livet og døden av goffa, Eirik Nilson på Øvrejorde. Den gongen han snikra kistene til seg sjølv og til gommo Jørand, fekk Birgit leike med høvelen. Og goffa forklara. Når Birgit vart fødd, sa han, var ho ei gåve frå Gud. Då vart ho lagt i ei vogge av finaste tre, kvit og kvistfri bjørk, og sveipt i fine klede. Når døden kom, skulle ho leggast attende i ei kiste. Den kista han hadde laga til gommo, var av gran. Til seg sjølv brukte han berre furu, det var godt nok for han. I kista til gommo la han det fine svøpet ho sjølv hadde sydd av ubleika lin, og som ho hadde bleikt på snøen og sydd på med vakre mønster. Så la han på loket og sette på den sjuarma lysestaken som var støypt på Øvrejorde. Ho gommo hadde sjølv støypt sju lys av nyretalg frå slaktinga om hausten. Alt var ferdig. Slik stod kista i mange år. Goffa døydde i 1904 og gommo i 1912.

Utdanning som sjukepleiar
Etter konfirmasjonen var Birgit først tenestejente heime på garden. Og nokre vintrar var ho hushjelp hjå tidlegare landbruksdirektør Johan L. Hirsch.
Etter å ha følgt søster si til grava, vart Birgit sjølv alvorleg sjuk etter ein sprukken blindtarm. Legen på Drammen sjukehus sa han var redd ho ikkje stod det over. På veg til operasjonsbordet bestemte ho seg. Om ho overlevde skulle ho bli sjukepleiar. Det gjekk slik ho bad om. Ho fekk utdanning på Lillehammer, praksis på ein tuberkuloseheim på Ringsaker og på sanatorium i Molde og i Bergen. Etter eit helsesøsterkurs i Oslo kom ho til Hol som helsesøster i 1931. Ho vart berre ei kort tid, men lenge nok til å sjå ein fattigdom i si eiga bygd som ho ikkje visste fanst. Mange trong meir hjelp med klede og reinhald, enn med eigentleg sjukepleie.

Helsesøster på Solør
Om hausten i 1931 kom ho til Solør. Der kom ho i kontakt med fylkeslegen i Hedmark som sette i gang ei større tuberkuloseundersøking for å finne smittekjelder. Etter oppdrag frå fylkeslegen reiste ho omkring på skolane og instruerte elevane og lærarane. Førsteklassingane var viktigast. Alle ungane skulle ha reine lommetørkle. Det skulle dei halde for munnen med venstre hand når dei hosta. Dei skulle vaske seg før dei åt og kvar gong dei hadde vore ute på do. Lærarane skulle passe på at elevane følgde reglane. Det ungane lærte på skolen, det ville dei ta med seg heim. Slik ville opplysningsarbeidet få ringverknader. Til sjuandeklassingane innprenta ho at den viktigaste attesten dei kunne få, var ei reinvaska hand og kortklipte naglar.

Skjermbildefotografering
Etter krigen sette Helsedirektoratet i gang eit storstilt program i kampen mot tuberkulosen. Med heimel i ein lov av 1947 måtte alle personar framstille seg for skjermbildefotografering, tuberkulinprøve og eventuelt vaksinering. Då vart Birgit Villand tuberkulosesøster. Med båt eller buss reiste ho til alle kommunar i landet. Det begynte under sildefisket i Florø, Måløy, Ålesund, Molde og Kristiansund. Deretter gjekk båten heile kysten nordover. Sju gonger feira ho jonsok på Nordkapp. Turane i innlandet var lagt til hausten og vinteren. Ho har fotografert lungene til nesten kvart einaste vakse menneske i heile landet, mange av dei fleire gonger.

Heim att til Hol
På sine eldre dagar kom Birgit attende til Hol og budde ei tid i eit hus på Villand til ho flytta inn på aldersheimen Geilotun. Ho tenkte framleis meir på andre enn på seg sjølv. Ho hadde særleg omsorg for barn som hadde det vanskeleg. Sjølv greidde ho seg med lite. Har eg ein radio og ei seng, har eg det eg treng, sa ho gjerne. Så gav ho bort alt ho åtte. Birgit Villand døydde i 1989.


Kjelder:
Kåre Olav Solhjell: Hol i hundre år. Historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet. Bind I, Jernbanen og fjellbygda s 551 flg. Hol kommune 2000.
Sigurd og Lars Reinton: Folk og fortid i Hol, bind IV s 272 flg. Hol kommune 1973.

Artikkel - info 
Sist endret 08.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 02.04.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut