Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Ostekrigen i Numedal
Konflikten mellom sokneprestane og kyrkjelyden om ”kjørmesseosten” viser kor seint ting forandra seg på 1500-talet. Og konflikten viser at både prest og kyrkjelyd var vel så mykje opptekne av økonomiske og administrative spørsmål som av dei åndelege.


Av Kåre Olav Solhjell


På den same måten som då kristendommen vart innført på kongeleg bod under Olav Haraldson, kom også den lutherske kristendommen til landet etter ein kombinasjon av religiøs ihuge og kongeleg makt. Då kongen valde side i religionskampen, har det nok spela ei rolle at kontroll med kyrkja sine eigedommar ville auke kongen sine inntekter.

Sommaren 1537 vart alle biskopane avsette. Biskop Mogens på Hamar, som var numedølane sitt kyrkjelege overhovud, tok ein dramatisk avskil med bispedømmet sitt. Han fall på kne på stranda ved Mjøsa. Der takka han Gud i himmelen for alle dei dagane han hadde hatt. Så bad han farvel med prestane og domkyrkja. Dette vart slutten på Hamar bispedømme for fleire hundre år.
Heile det vidstrakte Hamar bispedømme, vart lagt under biskopen i Oslo. Hamar bispedømme oppstod for andre gong i 1864. Då hadde domkyrkja lege i grus i 300 år.

Kjørmessa
Frå 1539 var kong Kristian III sin kyrkjeordinans gjeldande lov for kyrkja. Der vart fleire av dei katolske messene og kyrkjelege høgtidsdagane avskaffa. Mellom dei var den gamle kyrkjemessa, eller kjørmessa som ho vart kalla. Det var ein festdag som var feira til minne om grunnlegginga av kyrkja. Desse festene var like mykje folkefester som kyrkjelege høgtidsdagar. Dei har truleg røter heilt attende til førkristen tid.
På desse festdagane var det ikkje alltid kyrkjeleg høgtid som rådde. Ofte flaut ølet rikeleg, og slåsskjempene prøvde krefter. Til denne festen kom også bøndene med kjørmesseosten i gåve til presten. Men når kjørmessa vart avskaffa, ville presten likevel ha osten sin. Bøndene sine talsmenn hevda, i tråd med kyrkjeloven, at osten ikkje var ei yting av det slaget som presten hadde rett til.

Prestelønna
Det var kyrkjelydane sjølve som lønna prestane. Reglane om prestane sine inntekter var nedskrivne i kyrkjeordinansen, men var ikkje alltid like lett å tolke. Prestane skulle framleis ha dei same rettane som "i bispane si tid", heiter det. Dessutan skulle presten ha offer ved gudstenesta kvar juledag, påskedag og pinsedag.

I Numedal betalte alle bønder ei fast årleg avgift til presten i tillegg til offeret på høgtidsdagane. Presten fekk også betalt for kyrkjelege handlingar som barnedåp, konfirmasjon, vigsle og gravferd. Men bøndene og kyrkjelyden vart ikkje samde når det galdt kjørmesseosten. Presten hevda at det var ei fast yting han hadde rett til frå gammalt, medan kyrkjelyden sa at osten var ei gåve til presten ved kjørmessa. Når kjørmessa fall vekk, fall også osten vekk.

Semje om prestelønna i 1553
I 1553 slo usemja mellom prest og bønder ut i open strid. Jacob Jesperson, som då var sokneprest i Rollag, stemde bøndene for retten i Oslo. Avgjerda vart teken på høgt plan. Christiern Munch, høvedsmann på Akershus, og Peder Hvidtfeldt, "Norges Riges Cantsler", oppnemnde tre rådsmenn med oppdrag å lage ein kontrakt mellom presten og soknebøndene. For bøndene møtte Lars Toresen, Erik Torkelsen og Oluf Stensen. Dei kom truleg frå Harang og Bakke i Uvdal og frå Kravik i Nore. Bøndene godtok at presten skulle få to "mæler" korn og ei "offermæle" frå kvar bonde ein gong i året. Dessutan ville dei gi 18 merker smør og to kalveskinn, eller varer av tilsvarande verdi. Dei godtok elles kravet om at presten skulle ha ei ku ved gravferd. Om bonden åtte mindre enn seks kyr, skulle han berre betale to lodd sølv, som tilsvara ein dalar. Hadde han mindre enn to kyr, slapp han med åtte skilling. Men ost skulle ikkje presten ha.

Meir krangel om kjørmesseosten
Neste gong saka kom opp, var i 1571. Då var Hans Einarsen sokneprest. Denne gongen gjekk saka for lagmannen i Skien. Der vart forliket frå 1553 stadfesta. Men ostekrigen var ikkje slutt med det. Den neste oste-elskaren i Rollag heitte Heinrich Larsen. I 1589 drog han med seg Halvor Bakke frå Veggli til lagmannen i Oslo. Halvor hadde nekta å gi ost til presten. Endå ein gong vart bøndene frifunne. Dommaren la til at soknepresten eigentleg burde ha stått til rette for at han reiste saka på nytt. Nå var ikkje bøndene heilt utan skuld i at striden gjekk vidare. For mange heldt fram med å gi presten ost, endå dei ikkje var pliktige til det. Lenge feira dei også kjørmessa, endå det var forbode etter kyrkjeordinansen.
Då biskop Jens Nilssøn kom på visitas i Rollag i 1595, fann han grunn til å ta opp att forbodet mot å feire kjørmessa, og han bad bøndene legge av skikken med å gi kjørmesseostar til presten. Også ved ein visitas i 1621 var spørsmålet reist. Biskopen noterte då at i Numedal gav bøndene framleis presten ytingar i samsvar med dei gamle rettane.

Slutten på ostekrigen
I 1660-åra fortel presten Winther utførleg om dei inntektene og utgiftene han har i kallet. Nå er dei gamle stridsspørsmåla endeleg lagt til side. Kjørmessa er borte. Men i striden om osten er det presten som har vunne. Prestane hadde lykkast med å innarbeide osten som ei pliktmessig yting.
Strid om presteløna tok seg likevel opp att i nye generasjonar, heilt til prestane gjekk over til fast lønn, betalt av staten. Det skjedde ikkje før i 1890-åra.

Striden om kjørmesseosten kan stå som eit uttrykk for den brytningstida som kyrkja og bygdefolket gjennomlevde i det første hundreåret etter reformasjonen. Det gamle og det nye levde side om side. Det galdt ikkje berre kjørmessa og prestelønna. Det galdt også dei trusforestillingane som fylte menneskesinnet.

Kjelder
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistoie for Nore og Uvdal bind I s 197 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 08.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 16.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut