Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Peder Lauritzen - Sokneprest i Rollag
Peder Lauritzen vart innsett som sokneprest i Rollag i 1595. Han hadde eit stort prestegjeld å ta seg av, heilt frå grensa mot Flesberg og opp til Dagali.



Av Kåre Olav Solhjell

Han hadde ansvar for tre kyrkjer: Rollag, Nore og Uvdal. På prestegarden i Uvdal budde ein kapellan som tok seg dei øvste delane av prestegjeldet.
Like etter at Peder Lauritzen var innsett i embetet, kom biskop Jens Nilssøn på visitas. Numedal høyrde den tida til Hamar bispedømme. Biskopen synest presten var flink til å preike, i motsetning til Herr Poul, som var prest i Flesberg. Etter at presten var ferdig med preika, steig biskopen fram i kordøra og formana både gamle og unge til å slutte med dei gamle, katolske skikkane. Han var ikkje nøgd med kristendomskunnskapen i kyrkjelyden.
Før biskopen reiste, kalla han presten til seg på kammerset i prestegarden og gav han ei lekse om korleis han skulle ta seg av soknebarna sine på beste måte.

Problem med kapellanen
Presten hadde elles sitt å streve med. Når kapellanen budde i Uvdal, var det ikkje lett å halde kontakten. Ein av kapellanane var Hans Andersen. Han hadde ord på seg for å drikke seg full i utide og ligge i slagsmål med bøndene i Uvdal. Både presten og biskopen formana Herr Hans, at han ikkje skulle blande seg så mykje med bøndene, og at han skulle "leve kristeleg og gudfryktig", slik at han kunne forsvare framferda si for både Gud og menneske. Men det hjelpte lite. Herr Hans svara med same mynt. I 1621 klaga han over at soknepresten la på han for mykje arbeid mot lita betaling. Sokneprest Peder hadde vorte så gammal og skrøpeleg at han ikkje kunne reise omkring og passe oppgåvene sine slik han skulle. Då vart det meir å gjere for kapellanen, men utan at betalinga auka. Krangelen mellom sokneprest og kapellan enda med at kapellanen fekk sparken. Folk på bygda meinte å vite at kapellanen eigentleg ikkje var prest. Han var berre ein skarve skomakar som hadde gjeve seg ut for å vere prest.

Prestegardane
Forutan prestegarden i Rollag hadde Peder Lauritzen inntekter frå tre andre prestegardar: Veggli, Nore og Uvdal. Hovudgarden i Rollag skal ikkje ha vore så mykje tess. Han er omtala som "en meget ring plads, over alt stenlendt, skarp og mestedelen, for mange stenrøser, ufruktbar".
Prestegarden på Veggli kunne berre såast med 1/2 tønne korn og kan fø berre ei ku. Prestegarden i Nore kunne såast med 1 1/2 tønne korn, og fø tre eller fire kyr. Men avlinga tok lett skade på grunn av vind og frost. Prestegarden i Uvdal var den største. Garden kunne såast med opptil 2 1/2 tønne korn og fø fire eller fem kyr. Kvar av prestegardane hadde ein forpaktar, for presten kunne ikkje drive gardane sjølv. Når soknepresten hadde kapellan, vart han gjerne plassert på den eine av prestegardane, helst i Uvdal, som låg lengst unna.

Det gjekk seint med reformasjonen
Luthers lære vart innført ved reformasjonen i 1537. Men det tok lang tid før den nye ordninga vart gjennomført i praksis.
Medan nattverden var hovudsaka i den katolske messa, var forkynning og undervisning det viktigaste etter Luthers lære. Presten si preike frå preikestolen var delt i to. Først forklara han teksta for dagen, deretter underviste han i Luthers lære. Somme prestar kunne bli så langdryge at kong Kristian IV fann grunn til å understreke at preikene ikkje måtte bli "alt for lange eller for vidløftige, den gemene mand til kjedsommelighed og dess mindre oppbyggelse".

Det var først etter at Jens Nilssøn hadde vore på visitas at presten i Rollag begynte å undervise i katekisma, endå det hadde gått nesten 60 år sidan reformasjonen. Prestane i Rollag hadde ikkje eingong hatt eigen bibel før i 1560-åra, 30 år etter reformasjonen. Bibelen vart betalt med to kyr.
Den første salmeboka, Thomissøns salmebok, var trykt i 1569, men var ikkje særleg utbreidd. Fordi kyrkjelydane mangla salmebok, var songen leia av ein forsongar. På den måten oppstod det lokale melodiar, eller lokale variantar av gamle melodiar.

Prestane får gifte seg
Etter den gamle kyrkjeloven frå mellomalderen var det eigentleg kyrkjelydane sjølve som skulle velje seg prestar, men biskopen skulle eksaminere dei før dei vart innsette i embetet. I 1560-åra vart det bestemt at prestane skulle ha eksamen. Etter den tid begynte prestane å søke direkte til kongen for å få seg embete, og snart vart det hovudregelen at kongen tilsette prestane.
I den katolske tida måtte prestane leve i sølibat. Det var likevel ikkje uvanleg at prestar levde saman med kvinner, og at dei hadde barn, utan at dei var gifte. Etter reformasjonen fekk prestane lov til å gifte seg.


Kjelde
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I, s 197 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 11.01.2010 Terje Bautz
Opprettet 16.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut