Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Numedal gjennom bølgjedalen
I dei første hundreåra av mellomalderen vart ny jord dyrka og nye gardar bygde. Folketalet voks til ein topp kring 1300. Så kom nedgangstida, først med kalde og våte somrar, og i 1350 kom pesten. I Numedal minka folketalet til ein femdel. Botnen vart nådd kring 1530. Deretter voks folketalet på nytt. Veksten gjekk raskare nå enn sist. Nye hus vart reiste på gamle tufter. Unge familiar flytta inn. Eit par tiår inn på 1700-talet var folketalet attende til det gamle.


Av Kåre Olav Solhjell

Den 1. januar 2000 budde det 6.747 menneske i Numedal. Dei fordeler seg med 2.491 på Flesberg, 1.492 på Rollag og 2.764 på Nore og Uvdal. Kor mange menneske budde det i dalen då talet var på det høgaste før Svartedauden? Det fanst ingen folketeljingar i mellomalderen. Likevel kan vi ved hjelp av gardnamn, gamle kulturminne og opplysningar i yngre, skriftlege kjelder rekonstruere eit folketal med ein viss feilmargin. Om vi reknar noko omtrentleg, kan vi gå ut frå at det fanst 120 gardar i Flesberg, 80 i Rollag og 180 i Nore og Uvdal. Om vi deretter reknar at annankvar gard var delt i to bruk og at det budde 6 menneske i gjennomsnitt på kvart bruk, får vi ei folketal på bølgjetoppen før Svartedauden omtrent slik:

Flesberg: 1.080
Rollag: 720
Nore og Uvdal: 1.620
Heile Numedal: 3.420

Om denne utrekninga er noko i nærleiken av det rette, budde det om lag halvparten så mange menneske i Numedal i høgmellomalderen som det gjer i år 2003.

Folkereduksjonen i seinmellomalderen
Nedgangstida sette inn ei god stund før Svartedauden kom til landet. 1315 var eit svart uår over heile Europa. Titusenvis døydde av svolt berre dette eine året. Det kom fleire år av same slaget. Men Svartedauden var verst. På tre år frå 1347 til 1350 døydde ein tredel av eit folketal på 75 millionar i Europa.

Til Numedal kom Svartedauden på ettervinteren og våren 1350. Dødsoffera var venteleg like talrike her som andre stader. Meir enn eitt tusen menneske kan ha døydd i Numedal den våren. Og pesten kom att. Det gjekk ti år mellom kvar gong i gjennomsnitt. Siste gong pesten herja i Noreg, var i 1654. I dei første to hundre åra minka folketalet for kvart angrep til botnen var nådd tidleg på 1500-talet. Deretter tok folketalet til å stige, langsamt med det same, men sterkare etter kvart.

Folkereduksjonen ramma fjellbygdene hardare enn dei gode jordbruksbygdene i låglandet. Først tok pesten sitt. Av dei som levde att, valde mange å finne seg større gardar i betre bygder. Pest og fråflytting reduserte folketalet i dalen til ned mot 20 prosent, mest i dei øvre bygdene, noko mindre lengre sør. Det kan ha levd berre 700 menneske i dalen då.

Gjenrydding og ny vekst
I 1530 låg åtte av ti gardar øyde i Numedal. Der kornet hadde stått gult om hausten, der gjekk dyra og beitte. Men frå denne tida fekk livet igjen overtaket over døden. Og folketalet voks år for år. Danskekongen gnei seg i hendene. Endeleg begynte lydriket i nord å gi inntekter i kongens kasse. I Nore og Uvdal auka talet på skattytarar frå knapt 40 i 1530 til vel 200 i 1700. Veksten kan ha vore tilsvarande i den nedre delen av dalen. I 1700 kan folketalet i Numedal ha vore vel 3.000 eller om lag ti prosent under folketalet før Svartedauden. Ennå fanst det gamle åkrar og ledige stølar frå tida før nedgangen sette inn.

Åker og husdyr
I mellomalderen levde folk av å lage mat, ikkje av å tene pengar. Strevet for føda fylte dagen for dei fleste. Skatten til kongen og avgiftene til kyrkja vart også betalt med dei varene som garden gav, med smør og ost og huder og skinn, eller med korn og mjøl. Ekornskinn og andre viltskinn var også etterspurt i København. Maten var for det meste slikt vi i dag kallar lakto-vegabilsk, det vil seie mat av mjølk og korn. Sul, som var meir feit og velsmakande mat av kjøt og fisk, var tilleggskost, mest til festbruk.

Matsetelen kan ha variert noko frå nedst til øvst i dalen. Flatbygdene hadde overskot av korn. Dei øvre bygdene hadde derimot godt med beite, medan åkrane der var små og bratte. Her var det dyra som gav overskotet. Kornet gav likevel overalt den meste føda. Alt i høgmellomalderen fall grensa for fast busetnad saman med grensa for moge korn. Dagali og Tunhovd var då som nå dei øvste bygdene mot fjellet. Bygg var det viktigaste kornet, for bygg gav større foll enn havre. Men også byggen gav mager grøde. Tre eller fire foll var vanleg. Av fire korn frå åkeren måtte bonden halde att eitt til såkorn, og eitt korn skulle han helst spare til dårlege år. Då var berre halve avlinga att til mat for huslyden.

Rikdom i mellomalderdalen?
Rikdom er eit relativt omgrep. Samanlikna med i dag levde mellomaldermenneska i eit fattig samfunn med ein enkel økonomi, slik folk lever i mange utviklingsland i dag. Men samanlikna med andre landsdelar stod numedølane seg godt i mellomalderen. Jorda produserte eit overskot som bonden kunne bruke til vakre og staselege bygningar, den tida sine statussymbol. Numedølane betalte lite skatt, berre eit ekornskinn frå kvar gard. Denne skatten var inga økonomisk bør, men meir eit symbol for at folket i dalen hadde undergitt seg kongens lov. Etter at sølvverket på Kongsberg kom i drift på 1600-talet, var det vanleg å sjå på dei låge skattane som kompensasjon for arbeidsplikta ved sølvverket. Når arbeidsplikta fall bort på 1700-talet, vart det også slutt på dei låge skattane.

Tida før svartedauden er rekna som mellomalderen si blomstringstid. Men dei bøndene som overlevde pesten, samla seg endå større verdiar. Dei rikdommane som før var delt på mange, vart nå samla på få. God og grøderik jord vart ledig, og bonden kunne legge om til meir ekstensiv drift. Han kunne halde fleire husdyr og kunne såleis legge om kosten til meir smør og ost, og han kunne oftare sette feite kjøtrettar på bordet.
Men framtida var usikker i seinmellomalderen. Den som lever korte liv i god velstand, legg ikkje mykje strev i å legge planar for framtida.

Numedal i mellomalderen og nå
Det var først etter at pesten sleppte taket at auken i talet på innbyggarar i Numedal igjen skaut fart. Då var veksten i folketal og produksjonsliv jamnare enn i mellomalderen. Men også i seinare generasjonar har folketalet svinga som bølgjerørsler på havet. Bølgjetoppane har ikkje vore så høge, og dalane har ikkje vore så djupe som i mellomalderen. Årsakene til bølgjeslaga er heller ikkje dei same nå som då. Likevel har vi ennå både nytte og glede av å leve oss inn i det som hende i den første halvdelen i det forrige årtusenet, den gongen då sterk vekst med eitt vart ramma av eit kraftig tilbakeslag. Spora etter det som hende då, er framleis lette å sjå. Vi treng ikkje leite etter dei på museum. Dei finst over alt i mellomalderdalen. Dei same kyrkjene der folk samlast i glede og sorg den gongen, der kan numedølane ennå ta sete. Dei same matbuene og dei same sovelofta er ennå i bruk. Folk haustar av den same jorda. Og namna på gardar og plassar som vart rydda den gongen, gir namn til familiar og slekter i dag.


Kjelder:
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I s 117 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 08.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 01.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut