Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Lensmenn i Numedal
Det er ikkje mykje vi veit om den første lensmannen i Numedal. Vi veit fornamnet hans, og vi veit omtrent kva oppgåver han hadde. Vi veit også litt om fire andre lensmenn i Numedal i mellomalderen.


Av Kåre Olav Solhjell

Den første lensmannen vi møter i Numedal, er kalla Audhun lensmann. I 1328 var han syslemannens representant i Numedal. Ein syslemann var ein mann som kongen sette til å styre over eit område. På 1300-talet fanst det omtrent 50 sysler i landet. Ei sysle var såleis mindre enn eit fylke, men større enn ein kommune. Numedal høyrde med til Skiensysla, og syslemannen budde i Skien. Som representant for kongen var syslemannen ansvarleg for dei fleste offentlege oppgåvene. Han hadde kravde inn kongen sine inntekter, han var politi, og han peika ut dommarar. Han kunne også sjølv fungere som dommar. Til å utføre alle oppgåvene i den vidstrakte sysla, sette syslemannen inn lensmenn til å hjelpe seg. Vi kjenner namnet på fire eller fem lensmenn i Numedal i mellomalderen. Dei hadde alle heile Numedal som sitt arbeidsområde.

Audhun lensmann er altså den første vi kjenner namnet på. I 1328, vel tjue år før svartedauden kom til bygdene, var det halde ei rettssak i Svene. Ein mann hadde rydda seg ein gard. Lensmannen hevda at det var kongen som åtte grunnen, og at kongen difor skulle ha betalt for leige av jorda. Lensmannen og kongen tapte denne saka, for retten dømte at mannen hadde rydda på eigen grunn.

Gjermund Tordarson
Den neste lensmannen vi kjenner namnet på i Numedal, heitte Gjermund Tordarson. Det vil seie, han var ikkje sjølv lensmann, berre ein "lensmannsfullmektig" som i 1404 gjorde teneste i staden for lensmannen. Dette året var det usemje om grensa mellom eigedommar i Øygardsgrend i Nore. Det hadde gått meir enn 50 år sidan svartedauden herja i bygdene, og fleire gardar låg folketomme. Gjermund Tordarson si oppgåve var å skrive ned det gamle folk hugsa om kvar grensene hadde gått. Ein stor del av dei eldste breva frå mellomalderen er slike vitnebrev der lensmenn stadfestar kva vitne har sagt.

Olaf Tordson
Etter Gjermund Thordson går det meir enn hundre år før vi får vite namnet på endå ein lensmann. I 1521 var Olaf Thordson mest som dommar å rekne i ei straffesak. Nerid Halvardsson hadde hogge eller slått Audun Audunsson heime på garden hans i Rollag. Lensmannen, saman med fem menn fekk i stand semje mellom dei to, og lensmannen gav Nerid fri for vidare påtale, utan at saka var oppe for nokon domstol. Lensmannen var den einaste representanten for statsmakta som var til stades. Det var ikkje uvanleg i mellomalderen at lensmannen både reiste tiltale, avgjorde saka ved forlik, og tok mot ei bot på vegne av kongen. Det ser berre ut til at denne praksisen heldt seg noko lengre i Numedal enn andre stader.

Anders lensmann
I 1529 var Anders lensmann i Numedal. Då hadde det skjedde store forandringar i kongen sin måte å styre landet på. Det fanst ikkje lenger sysler og syslemenn. I staden sette kongen inn høvedsmenn og futar. Høvdesmannen på Akershus slott var kalla "lensherre over Akershus len" og styrte store delar av Austlandet, også det som i dag er Buskerud fylke. Stundom delte høvedsmannen ut stykke av det store lenet sitt som små "underlen" eller "futedømme". Inndelingane skifta ofte og er ikkje lette å halde orden på. På den tida Anders var lensmann, ser det ut til at Numedal var styrt direkte frå Akershus, utan nokon fut som mellomledd. Det er skrive inn ein merknad i slottsrekneskapen om at numedølane ikkje ville ha nokon fut inn til seg. Difor var det Anders lensmann som i 1529 samla inn skattane frå Numedal og frakta dei inn til Akershus slott. Slottsherre Mogens Gyldenstjerne på Akershus betalte lensmannen med eit stykke nederlandsk ulltøy for jobben.

Jakob Ormsson
Den siste lensmannen vi veit namnet på i Numedal i mellomalderen, heitte Jakob Ormsson. Han var lensmann i 1537, som er det året reformasjonen vart innført i Noreg, og som såleis er det året vi reknar at mellomalderen sluttar. Jakob Ormsson skreiv under på eit brev som vitne på at ein mann som heitte Olaf Amundsson hadde odel på garden Livland i Flesberg. Kven var dei desse første lensmennene i Numedal? I mellomalderen var det ikkje vanleg å bruke namnet på garden der ein budde, som etternamn. Difor kan vi ikkje vite kva gardar dei kom frå. Men det er nokså sikkert at dei alle var bønder på gode gardar. Kanskje åtte dei meir enn ein. Dei var nok rikare enn gjennomsnittet, og hadde difor meir dei skulle ha sakt enn vanlege småbønder.


Kjelde
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I s 155 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 06.01.2010 Terje Bautz
Opprettet 01.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut