Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Hammaren til Tor er funnen og igjen i rette hender
Dei siste dagane har det rådd ei krisestemning i Åsgård. Årsaka har vore at hammaren til Tor vart stolen, men seint laurdag kveld kunne både Loke og Tor pusta letta ut. Hammaren var atter i Tor sine hender. Det har likevel vore mange spekulasjoner omkring hendinga; korleis kunne slikt skje? Sikre kjelder seier at det var jotnen Trym som stod for ugjerningaDei siste dagane har det rådd ei krisestemning i Åsgard. Årsaka har vore at hammaren til Tor vart stolen, men seint laurdag kveld kunne både Loke og Tor pusta letta ut. Hammaren var atter i Tor sine hender. Det har likevel vore mange spekulasjonar omkring hendinga.



Av Bjørne Bjørnson Skarbøe

Thor med hammerenFotograf: wwwUtan hammaren var Tor naken og ikkje i stand til å forsvara gudeverda, difor vart også Loke kopla inn i saka for å hjelpa til med oppklaringa. Om ikkje panikken tok overhand, så var situasjonen særs spent. Alle krefter vart sette inn for å få ei snarleg oppklaring. For å koma seg fortast mogleg fram til Jotunheimen der jotnane budde, fekk Loke låna ein fjørham av Frøya. Det tok ikkje lang tid for Loke å få lokalisert hammaren.

Trym stilte krav
Loke drog rett til Trym, som sat på haugen og batt gullband om hundane sine. Han viste seg å vera samarbeidsviljug, og sa seg skuldig i brotsverket, men hadde likevel eitt krav, og ikkje av det smålåtne slaget: Han kravde å få Frøya til si hustru i byte mot hammaren. Straks Loke høyrde dette, drog han så fort han kunne attende til Åsgård for å fortelje om den siste utviklinga i saka. Loke fekk ikkje ein gong tid til å landa før Tor kravde å få høyre nyhende frå Jotunheimen. Loke siterte Trym som best han kunne, men fekk ikkje fullført den siste setninga før Tor var på veg til Frøya for å gjere ho gifteklar. Frøya vart ikkje vidare glad for kravet åt Trym, og tok til å skrika og skjella på Tor.

Det vart lange drøftingar og eit oppgjer på Tinget. Her vart problemet drøfta, og det enda med at Tor vart send av garde forkledd som Frøya.

Let seg lura
Biletet av Tor i kjole og brureslør vart ikkje publisert på grunn av personvernet. Men same korleis han såg ut, var ikkje Trym av det kresne slaget. Trym beit på limpinnen og gjekk til altars med Tor forkledd som Frøya. Forkledningen til Tor heldt ved fleire høve på å verte avslørt, men takka vera Loke sin klare tanke, klarte dei å ro det heile i land. I ettertid har fleire som var til stades uttalt seg i saka, og mange har vedgått at dei var særs ottesame då det stod på som verst.

Tor, den mektige
Tor står i dag fram som den mest populære guden i vår tid. Han rår over lyn og tore og vernar menneska mot jotnane. Kvifor så mykje ståk rundt tapet av ein ussel hammar? For den som ikkje veit det, symboliserer hammaren til Tor, saman med styrkebeltet hans, styrken han rår over. Dette gjer han til menneska sin beste forsvarar mot jotnane.

Tor med hammeren 2Fotograf: UkjentCopyright: Ein må trass i dette kunna spørja seg om det er rett at ein mann som ikkje rår over meir klokskap skal ha så stor makt og innverknad på menneska sin lagnad? Sjølv om han ikkje er den med størst visdom, har han skaffa seg ein posisjon som gjer at han har i oppgåve å forsvara gudane mot farar. Denne rolla vert oppfatta som nødvendig slik at gudane elles kan konsentrera seg om dei forskjellige maktområda dei har tileigna seg. Tor har ord på seg for å ha meir i nevane enn i hovudet, men trass i det vert det sagt at han også har rettferdssans. I tillegg er han stordrikkar og storetar, skrythals og hissigpropp. Alle eigenskapar kvar og ein kan kjenna seg att i. Dette set han kanskje i ei særstilling. Likevel, det å sovna ”på post” må vel vera eit svakt trekk hjå ein så sentral og populær gud. Burde ikkje Tor passa betre på det mest sentrale våpenet han har mot jotnane?

Otte for manglande tryggleik
Denne urovekkjande historia enda med at hammaren vart returnert til den rette eigaren, og nok ein gong var gudeverda i trygge hender. Fleire frå allmugen har gjeve uttrykk for si misnøye over mangelen på tryggleik i gudeverda. Korleis kan dei vite at det ikkje vil skje igjen? Korleis skal det gå med alle dei som set sin lit til gudane, og stolar på at dei gjer sitt beste for å verna dei utsette i samfunnet? Både bønder og vanlege bygdefolk gjev uttrykk for stor misnøye. Dei fleste ser på dette som eit svakt teikn hjå guden som i hovudsak skal forsvara det gode mot det vonde.
Saka skal no drøftast i gudeverda, og fleire tiltak er venta å tre i kraft i løpet av den komande sumaren.

Og her har du sjølve Trymskvida

Trymskvida

1
Vreid var Vingtor
då han vakna
og hamaren sin
han munde sakne.
Skjegg han riste,
hedna han skok;
tok son åt Jord
om seg å trivle.

2
Og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Høyr du Loke
her kva eg seier,
som ingen på jord
hell i oppheimen veit:
frå åsgud hev dei
hamaren stoli."

3
Gjekk dei til Frøya
i fagre tun,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Vil du meg, Frøya,
din fjørham låne,
at eg min hamar
hitte måtte?"

4
FRØYA kvad:
"Eg gav deg han gjerne,
om av gull han vøre;
og let deg han få,
var han laga av sylv"

5
Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Åsa-garden,
og inn han kom
i Jotunheimen.

6
Trym sat på haugen,
tussedrotten,
band han batt
åt bikkjom av gull,
og måni meitte
på marom sine.

7
TRYM kvad:
"Koss gjeng det åsom?
Koss gjeng det alvom?
Kvi kjem du einsleg
til Jotunheimen?"
LOKE kvad:
"Ilt er med åsom,
ilt er med alvom.
Hev du Lorrides
hamar løynt?"

8
TRYM kvad:
"Eg hev Lorrides
hamar løynt
åtte raster
under jordi.
Ingen honom
att fær heimta
utan han fører meg
Frøya til viv."

9
Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Jotunheimen,
og inn han kom
i Åsa-garden.
Tor honom møtte midt i tunet,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:

lO
"Hev du heppe
havt med ærend ?
Sei der i lufti
den lange tidend;
sitjande selle
soga si gløymer,
og liggjande mann
lygnord smider."

11
LOKE kvad:
"Heppe eg hev
havt med ærend,
Trym hev din hamar,
tussedrotten;
ingen honom
att fær heimta,
utan han fær honom
Frøya til viv."

12
Gjeng dei fagre
Frøya å finne,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Bitt om deg, Frøya,
brurelinet,
me to skal aka
til Jotunheimen."

13
Vreid vart då Frøya
så ho frøste,
og åsa-salen
all han bivra.
Ned spratt bjarte
brisinga-menet.
" Manngal dei meg
meiner vera,
om eg ek med deg
til Jotunheimen."

14
Alle i senn
var æser på tinget
og åsynjor
alle til stades.
Rådlag heldo
rauste gudar,
koss Lorrides hamar
dei hitte skulle.

15
Kvad det Heimdall,
kvitaste åsen,
- vidt såg han fram
som vanene elles -:
" Binde me om Tor
brurelinet,
bere han bjarte
brisinga-men.

16
Late om honom
lyklar ringle
og kvendeklede
om kne falle;
på brjostet setje me
breie steinar,
og hagleg binde me
hovudtoppen."

17
Kvad det Tor,
den trauste ås:
"Kjerring vil då
kalle meg æser,
let eg meg binde
med brurelin."

18
Kvad då Loke,
Lauvøy-sonen:
"Tei deg, Tor,
tala kje dette;
snart kjem jotnar
til Åsgard byggje,
om inkje din hamar
du heimtar att."

19
Batt dei om Tor då
brurelinet
og det bjarte
brisinga-menet,
let dei om honom
lyklar ringle
og kvendeklede
om kne falle,
sette på brjostet
breie steinar,
og hagleg batt dei
hovudtoppen.

20
Då kvad Loke,
Lauvøy-sonen:
"Meg til terne
du take med deg,
så ek me to kvende
til Jotunheimen."

21
Snøgt vart båe
bukkane henta,
sprette i skoklar,
skulle vel renne.
I berg det brotna,
brann i jord loge,
ók Odins son
til Jotunheimen.

22
Då kvad det Trym,
tussedrotten:
" Opp og bere
på benkjer halm,
no fører dei meg
Frøya til viv,
dotter åt Njord
i Noatun.

23
Her gjeng innmed garden
gullhyrnde kyr,
ålsvarte uksar,
jotnen til gaman.
Eg hev nøgdi av gods,
hev nøgdi av gull,
einast Frøya
eg no vantar."

24
Tidleg om kvelden
kom det til dess
at fram for jotnar
øl vart bori.
Sjølv åt han ein ukse,
åtte laksar,
alle dei kråser
til kvendi var laga,
tri kaggar mjød
drakk mann hennar Siv.

25
Då kvad det Trym,
tussedrotten:
"Kvar såg du brur
bite kvassare?
Aldri såg eg brur
bite breiare
eller meir mjød
nokor møy drikke."

26
Sat ho attmed,
den innfule terna,
som ord fann til svars
på jotuns tale:
"Frøya åt inkje
åtte netter,
så ovhuga var ho
til Jotunheimen."

27
Han letta på linet,
var lysta te kysse,
men unna han stokk
endelangt i salen.
"Kvi er så illkvasse
augo på Frøya?
Eld meg tykkjest
or augo loga!"

28
Sat ho attmed,
den innfule terna,
som ord fann til svars
på jotuns tale:
"Inkje sov Frøya
åtte netter,
så ovhuga var ho
til Jotunheimen."

29
Inn kom arme
jotunsystri,
som beda torde
om brureskatten:
"Rett meg ringar
raude av handom,
om du vil hava
hugnad hjå meg,
hugnad hjå meg
og all mi hyllest."

30
Då kvad det Trym,
tussedrotten:
"Bere inn hamar'n
bruri å vigje,
leggje Mjollne
på møyar kne,
vigje oss saman
med Vår si hand."

31
Lo i hugen
Lorride godt,
då hardhausen
sin hamar kjende.
Trym drap han fyrst,
tussedrotten,
og jotunætti
all han tynte.

32
Drap den aldruge
jotunsystri,
ho som bad han
om brureskatten.
Skjell ho fekk
for skillingar
og hogg av hamar
for haug av ringar.
Så kom Odins son
att til sin hamar.

Artikkel - info 
Sist endret 17.04.2012 Terje Bautz
Opprettet 01.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut