Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Gardstun i Numedal
I mellomalderen vart det vanleg med mange hus på gardane. Husa var små, og det var bygd eitt hus for kvart formål. Denne ordninga med mange hus var i bruk heilt til siste halvdelen av 1800-talet, då det vart vanleg å bygge hus og fôrlager saman til ein lang uthusbygning.



Av Kåre Olav Solhjell

I dag lagar vi oss gardstun med plenar, køyrevegar, parkeringsplassar og skråningar med kunstige blomsterbed. Vi lagar landskapet slik vi vil ha det. Slik var det ikkje i mellomalderen. Då var det menneska og husa som tilpassa seg landskapet slik det var.
Husa var bygde av naturen sine eigne materialar. Husa mangla skorsteinar, dei hadde tunge torvtak over låge tømmerveggar utan vindaugo. Slik skilde husa seg lite frå tuer og kollar og steinurder. Dei låg heller ikkje alltid samla i tette klynger, slik husa ofte gjer i dag. Dei var spreidde ut over større område, truleg av omsyn til brannfaren. Smia og badstua stod ofte langt unna bustadhusa, og gjerne nær ein bekk.

Mange hus i kvart tun
Det finst ingen uthus i Numedal som er tekne vare på frå mellomalderen, anna enn eit vedskjol på Lunda i Uvdal. Men det har heller ikkje vore vedskjol frå først av. Den eldste låven som er bevart, står på Nedre Sevle. Ein del av stokkane i den kan vere frå mellomalderen.
Talet på hus varierte etter storleiken på garden og velstanden til bonden. På somme gardar kunne det vere 20 hus. Det kunne vere to stuer, to eldhus og to stabbur. Det trongst ei kjellarbu og eit vedskjol, kanskje to. For dyra måtte det til løe, fjøs, hestestall, sauestall og kanskje ein grisestall. Litt unna dei andre husa stod smia og badstua. Frå slutten av mellomalderen var det også bekkekverner på mange gardar. I tillegg til dette hadde gardane utløer og seterhus.

I Numedal låg husa oftast spreidde over eit vidt område utan noko fast mønster. Vi finn ikkje her noko klart skilje mellom inn-tun for folk og ut-tun for husdyr, slik som til dømes i Gudbrandsdalen. Tunet på Kravik er kanskje det som mest liknar på tunskipnaden i Gudbrandsdalen. Stallen var gjerne plassert i inn-tunet slik som på Kravik. Av omsyn til brannfaren var smie, eldhus og badstue plassert i utkanten av tunet. I mellomalderen var badstua verkeleg brukt til å bade i slik namnet seier. Men seinare vart badstua meir og meir eit tørkehus for korn.

To gardstun på same garden
I Øygardane i Uvdal har gardane to tun. Denne ordninga kan gå attende til mellomalderen. Hovudtunet ligg øvst. Der finn ein alle dei viktigaste husa som høyrer til på ein gard. Det nedste tunet blir kalla jordet. Der manglar stabburet. Familien budde som regel i jordet etter at dei var komne att frå stølen om hausten. Der vart dei til fôret var brukt opp. På somme av gardane kunne dei flytte ned til jordet tidleg om våren etter at avlinga på hovudgarden tok slutt. Ved å flytte mellom to tun spara folket det tunge strevet med å frakte avling og gjødsel over lange avstandar i bratt terreng.

Tunet på Mellom Kravik i Nore
Ein av dei gardane som det har vore skrive mest om, er Mellom Kravik i Nore. Der står det i dag to hus frå mellomalderen. Det største er hovudbygningen som er det eldste bustadhuset i landet der det framleis bur folk. Sør for dette står eit stort stabbur, eit såkalla langloft. På Søre Kravik står det også eit langloft som har om lag same alder. Etter tradisjonen skal også dette loftet opphavleg ha stått på Mellom Kravik. Det skal ha vorte flytta ut under ei garddeling på 1600-talet.

I 1920-åra gjorde professor Johan Meyer grundige undersøkingar på Kravik saman med ei gruppe arkitektstudentar. Med grunnlag i eit skiftedokument frå 1754 har han prøvd å rekonstruere tunet slik det kan ha vore i mellomalderen. Skiftet reknar opp 19 hus i alt. Meyer har rekna alle desse med til sitt "middelalderlige tun".

Professor Meyer hadde store tankar om det norske bondesamfunnet og gir husa namn som verkar framande i dag. Han kallar garden for "Høvding-gården Kravik". Stua kallar han "hall", og det stabburet som nå står på Søre Kravik, blir kalla "selskapsloft". Meyer har nok rett i at Kravik var ein gard som i bygningsmessig utstyr har vore framom dei fleste. Og bonden her har nok vore ein av dei rikaste kaksane i bygda. Men den rike mellomalderarkitekturen på gardane i Nore og Uvdal tyder på at det var langt fleire enn bonden på Kravik som hadde overskot til å bygge staslege og påkosta hus. Å kalle alle velståande bønder med mange og store hus for "hovdingar", gir eit feil bilde av samfunnstilhøva i Numedal i mellomalderen.
På Kravik skal det også ha stått ein bautastein med runeteikn. Steinen kom bort under vegarbeid. Kanskje kjem han ein gong for ein dag i ein vegmur eller i ei steinbru?


Kjelder
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I s 175 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 04.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 20.02.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut