Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Eksempel på mellomalderhus i Nore og Uvdal
Nore og Uvdal har 21 hus frå mellomalderen. Dei fleste er stabbur. Stabbura på Sandnes i Nore og på Tufto i Uvdal er mellom dei eldste og finaste. Raulandstua frå Uvdal er det eldste bustadhuset i landet. Ho står på folkemuseet på Bygdøy.



Av Kåre Olav Solhjell

I Nore står det ti hus som heilt eller delvis er frå mellomalderen. Av dei er sju bygde før svartedauden. Stabburet på Søre Skjønne kan vere det eldste av dei alle. Tømmeret til huset var hogge kring 1160. Den eldste delen av stabburet har såleis vore bygd før stavkyrkja på Nore.
På Mellom Kravik stod det heile tre hus frå før svartedauden. To av dei er stabbur, det eine er flytta til Søre Kravik. Det tredje er eit bustadhus. Huset er truleg det eldste i landet der det framleis bur folk. På Søre Eide står det eit stabbur frå den same tida, og eit står på Loftsgarden i Åsbøgrenda. Det største av dei to stabbura på Sandnes er også frå før svartedauden. I tillegg til dei ti mellomalderhusa i Nore, har somme granskarar meint at stabbura på Nord-Sporan, på Sør-Sporan og på Vetterhus, er frå mellomalderen. Sjølv om desse har ein del trekk felles med mellomalderhusa, er dei truleg ikkje bygde før ut på 1600-talet. Også stabburet frå Nedre Sevle er frå 1600-talet. Mange synest dette er det finaste av dei alle.

I Uvdal
I Uvdal er det registrert 11 hus frå mellomalderen. Av dei er seks frå tida før svartedauden. Fire av dei seks er stabbur eller loft. Dei er frå Røysland, Søre Rauland, Nordre Tufto og Øvre Bakke. På Lunda står det eit vedskjol som er bygd av tømmer frå eit hus som første gong vart reist i høgmellomalderen. Stua på Søre Rauland kan vere det eldste bustadhuset i heile landet. Men det bur ingen der lenger, for huset er flytta til folkemuseet på Bygdøy. Dei fem husa i den yngre gruppa er alle stabbur. Dei står på Nordre Rauland, Koggestad, Mellom Grøtjorden, Nedre Bakke og Mellom Husebø.

Stabburet på Sandnes i Nore
I dag er det mest vanleg å kalle desse husa for "stabbur". Tidlegare vart dei like gjerne kalla "loft". I mellomalderen var første høgda "buret", som var nytta til lagerrom for kjøt og kornvarer. Andre høgda, eller "loftet", var soverom, særleg for gjester. I seinare tid har også andre høgda vorte teken i bruk som lagerrom, helst for tøyvarer og liknande. "Sørburet" på Sandnes er bygd etter den vanlege forma for stabbur i mellomalderen. Det lafta "indre buret" har nesten kvadratisk form. I første høgda er det ved inngangsdøra bygd til ei sval eller eit "ytre bur". Der går troppa opp til andre høgda. Opphavleg har denne troppa stått i ei open undersval, slik skikken var. Den andre høgda har svalgangar på tre sider. På den måten kjem ikkje sola til på tømmerveggane i første høgda, og soverommet i andre høgda blir isolert både mot kulde og varme. I andre høgda har stabburet på Sandnes opphavleg hatt svalgang på alle fire sidene. I den eine av desse svalene har det stått ei seng. Alle stabbura stod frå først av på bakken. Seinare har dei vorte sette opp på stabbar. Somme av bura har hatt ein kjellar under golvet. Under buret på Sandnes kan vi framleis sjå denne kjellaren.

Stabburet på Tufto i Uvdal
Stabburet på Tufto har same grunnplan som loftet på Sandnes. Det har svalgangar på begge langsidene. Desse er kalla "venger". Vengene har gjerne vore kalla for "skinnfell-loft". Dette er eigentleg ei mistyding av det gamalnorske ordet "skjaldfili" som betyr bordvegg.
Loftet på Nordre TuftoFotograf: November 1969Stabburet på Tufto er eit av dei få stabbura som har eit lite rom oppe på trevet over loftsvala. Bjelkane ligg der ennå, men golvplankane er borte. Rommet har truleg vore nytta som sovestad. Det er ikkje godt å vite korleis stabburet har sett ut opphavleg. Det har vore ombygd og reparert fleire gonger. Dei to dørene har smijernslås og vakre beslag. Smijernsbeslaga har detaljar som liknar på beslaga på Uvdal stavkyrkje.
Midt i fronten av stabburet er det fire lysgluggar i ei bogerekke. På kvar side av bogerekka er det svalstolpar med drakemotiv. Motivet på venstre sida liknar på ein tilsvarande figur på loftet på Søre Kravik i Nore. Drakehovudet på Tufto er truleg skore seinare enn på Kravik, men begge er nok blitt til før svartedauden.Raulandstua frå Uvdal
Berre to av mellomalderhusa i Nore og Uvdal er bustadhus. Dei to er Raulandstua og stua på Kravik. Raulandstua er truleg det eldste bustadhuset i landet. Ho står nå på folkemuseet på Bygdøy. Stua er altså ikkje frå Rauland i Telemark, slik somme trur, men frå garden Rauland i Uvdal.
Det er gjort forsøk på bygge opp att huset slik det kan ha vore i den eldste tida. Over inngangsdøra står det ei rekke med runeteikn: "Torgaut fivil gjorde meg." Kva det var Torgaut "Løvetann" gjorde, det seier ikkje soga noko om. Bygde han huset, laga han treskjeringane i dørstolpane eller rissa han runene? Stua har tre rom. Dei to små romma i den eine enden er kalla forstue og kove. Oppe på trevet over koven og forstua har det vore tre små rom. To av dei var små soverom. Det tredje hadde inga dør, og skal etter segna ha vore gøymestad for ein mordar.
Huset har truleg hatt jordgolv i mellomalderen. Rundt veggane var det såkalla moldbenkar. Dei var laga av tre og fylte med mold. Ein kunne sitje på benkane, men dei verka også som isolasjon. Utan moldbenkane ville kald luft trekke inn mellom den nedste veggstokken og steinane som han kvilte på.
Eldstaden har truleg vore midt i rommet. Om vinteren må det ha vore kaldt og trekkfullt. Ljoren måtte vere open både for å sleppe dagslyset inn og for å sleppe røyken ut. Folk måtte kle seg godt, også når dei var inne. Det var vanleg i sitje med lua på. Maten vart laga der ved eldstaden. Men om sommaren kunne maten bli koka i eldhuset. Bordet har stått langs gavlveggen, med høgsetet i hjørnet til venstre, sett frå døra. Etter skikken sat folk berre på den eine sida av bordet, på benken langs veggen. Det stod ei brei seng i stua. Der låg husbondfolket og dei minste ungane. Nokre kunne få plass i koven, og om sommaren var det soveplass på stabbursloftet. Skinnfellen var det viktigaste sengeutstyret. I den treivst lus og lopper og anna uty. Jordgolva kunne ikkje vaskast. Grautbollane og mjølkeskålene var til felles bruk. Skeiene var av tre og vart ikkje reingjorte. Tollekniven var til god hjelp under måltidet, men gaflar var ikkje brukt.

Kjelder
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I, s 175 flg.

Artikkel - info 
Sist endret 28.11.2011 Terje Bautz
Opprettet 20.02.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut