Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Mellomalderhus i Numedal
Numedal er kalla ”mellomalderdalen”, og med god grunn. Dalen har mange vakre stavkyrkjer og ei eineståande samling av gamle trehus frå mellomalderen. Over halvparten av dei 40 mellomalderhusa ligg i den øvste kommunen, Nore og Uvdal.


Av Kåre Olav Solhjell

Ikkje noko distrikt av tilsvarande storleik kan vise fram så mange trehus frå mellomalderen som Numedal. I heile dalen finst det omtrent 40 hus, noko som tilsvarar ein femdel av alle bevarte norske trehus frå perioden. Då er ikkje stavkyrkjene rekna med. I tillegg kjem nokre ?usikre? hus som kan vere bygde i mellomalderen, og ei lang rekke hus som er bygde på 1500- og 1600-talet. Fleire av desse er bygde på same måten som mellomalderhusa.
Over halvparten av mellomalderhusa er frå tida før svartedauden. Dei aller fleste er stabbur eller loft, men det finst også fire bustadhus og to vedskjol.

Kvifor har Numedal så mange, gamle hus?
Ein kan spørje seg kvifor Numedal har så mange fleire gamle hus enn tilsvarande dalføre. Den mest opplagte grunnen må vere at Numedal har eit tørt klima, slik at treverk rotnar seint. Klimaet er likevel ikkje mykje annleis i Numedal enn i Hallingdal og Sigdal. Difor må vi leite etter andre forklaringar.
Stabbura i Numedal kan ha vore flottare og meir påkosta enn hus andre stader. Fordi dei har vore så store og fine, har det også lønt seg å halde dei ved like, heller enn å rive dei ned og bygge nye. Det kan òg hende at folk i Numedal er mindre ?moderne? enn andre stader. Kanskje likar numedølane gamle hus, og legg stor omtanke i å halde dei ved like?
Men viss husa i Numedal var ekstra fine, treng vi ei forklaring på kvifor numedølane hadde råd til slikt. Numedølane tente vel ikkje meir på å dyrke jorda enn det hallingane gjorde?
Numedølane betalte langt mindre skatt enn hallingane. Før 1277 betalte dei ikkje skatt til kongen i det heile, og etter den tid gav dei berre eit ekornskinn i året, ?gåskinn? er det kalla i kongens skattebøker. Eit enkelt skinn, som var verdt ein liten skilling, har ikkje gjort noko til eller frå for nokon bonde i dalen. Kanskje er det den låge skatten som gjer at Numedal har så fine hus frå mellomalderen? Øvre Telemark betalte like lite skatt som Numedal. Der står det også mange fine hus. I Numedal er det også funne sølvskattar nedgravne i jorda, men ingen i Hallingdal.

Stabburet som statussymbol
Det var stabburet som var statussymbolet for bonden i mellomalderen. Stabburet, eller loftet som det også var kalla, var kanskje det viktigaste huset på garden. Her var maten lagra, og i dette huset fekk gjestene rom for natta. Sparepengane kunne ikkje brukast til noko betre enn til vakre smijernsbeslag og utskjeringar på lagerrom og gjestehus.
I våre dagar er bilen eit viktig statussymbol. Mange synest det er finare å ha ein ny bil enn å ha eit velstelt hus. Men bilane rustar og blir hogne opp før dei er tjue år, dei fleste. Ingen vil kunne sjå på bilane våre om 600 år og seie at her må det ha budd ein rik kakse!




Kjelder
Kåre Olav Solhjell: Bygdehistorie for Nore og Uvdal bind I s 175 flg.
Artikkel - info 
Sist endret 28.11.2011 Terje Bautz
Opprettet 20.02.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut