Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Historia om Ringerikspoteten

Ringerikspoteten er ein spesiell potetsort som dei har dyrka på Ringerike i mange år, meir enn 140 år. Dei dyrkar Ringerikspotet på Hadeland og Hedmarken også, og enkelte andre stader på Austlandet.



Av Olav Norheim

Ringerikspoteten er ein liten potet. Den kan bli stor også. Men potet-ekspertane påstår at den smaker best når den er liten. Den er ikkje glatt og fin, for det er søkk eller groper i den. Den er ganske rund, men ikkje trill rund, heller litt kantete. Mange synest at Ringerikspoteten er ein av dei beste potetene du kan få. Potetskalet er raudt, og inni er poteten gul. Det er mange som et Ringerikspotet til rakfisk.

Ringerikspotet?
Kvar kjem Ringerikspoteten frå?
Kvifor er det akkurat Ringerikspotet som er Ringerikspotet?
Og kvifor heiter Ringerikspoteten Ringerikspotet?

Grunnen er denne:
RingerikspotetFor sirka 150 år sia var det ein mann som hadde kjøpt seg ein gard i Hole på Ringerike. Garden heitte Søndre By. Mannen heitte Morten Ludvig Sundt.
Han var ein travel mann som følgde med på alt som var nytt. Han var ordførar i Hole. Og så var han stortingsmann. Ein dag fekk han tak i nokre poteter som han ikkje hadde sett før. Han fekk dei frå Botanisk hage i Oslo. Så tok han potetene med til Hole. Og der vart dei liggande i potetkjellaren. Han hadde så mykje å gjera, så han fekk ikkje sett dei jorda med ein gong. For det var det han hadde tenkt. Skal det vekse opp nye poteter, må jo mor-poteter settast i jorda.

Etter nokre år vart det meir fart over potetdyrkinga på Søndre By. Det hadde kome ein ny eigar der som heitte Jens Aabel. Han dyrka dei nye potetene. Mannen heitte jo Aabel, og derfor vart dei nye potetene kalla for åbler: ein åbel og fleire åbler. Enkelt og greitt.

Etter kvart begynte andre bønder på Ringerike å dyrke desse potetene også. Potetene var små, men gode. Så bøndene fekk godt betalt for slike poteter på torget i Christiania. Oslo heitte Christiania den gongen, på 1880-talet. Så når Ringeriks-bøndene sto på Youngstorget i Christiania og selde små og gode poteter, vart dei potetene kalla for Ringerikspotet. Slik fekk Ringerikspoteten namnet sitt.

Ringerikspoteter blir dyrka på Ringerike. Mange stader der er det passe jord for slike poteter. Men poteten blir dyrka på Hadeland også, og enkelte andre stader. Altså: Ringerikespoteten kom frå Oslo til Ringerike, der den fekk namnet sitt.

Men korleis kom han til Oslo eller Christiania? Han kan ha kome med båt, med ei skute frå England eller Skottland. For han liknar visst på poteter dei har der.

Men no er han i alle fall her.

Artikkel - info 
Sist endret 08.02.2012 Terje Bautz
Opprettet 08.12.2008 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut