Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Tsunami i Holsfjorden i 1755
Kva visste vi om tsunamiar før 2. juledag 2004? Dei fleste av oss visste svært lite, men i løpet av nokre dagar var dette noko alle var opptatt av, og vi fekk etter kvart god kjennskap til kva som skjedde. Dette var ei dramatisk og skremmande hending, og tsunamien tok mange menneskeliv.


Av Irene Vedaa

Men visste du at det i 1755 var ein tsunami i Holsfjorden i Buskerud? Omfanget og konsekvensane var langt mindre enn ved tsunamien i Indiahavet, men eg trur nok dei som opplevde denne dagen syntest det var dramatisk nok. Same dag vart det registrert jordskjelv mange stader. Verst gjekk det ut over Lisboa, hovudstaden i Portugal. Lisboa vart nærmast utsletta av jordskjelvet og tsunamien som kom etterpå.

Det gjekk nok lang tid før folk ved Holsfjorden fekk vita at Lisboa var øydelagt, og det var nok ikkje så enkelt å forstå kva som hadde skjedd.

Heldigvis har vi skriftlege kjelder som fortel om hendinga. Ei av dei første vitskapelege avhandlingane her i landet vart skriven nettopp om Lier. Physisk Oeconomisk Beskrivelse over Lier Præstegield i Aggershuus Stift i Norge efter egen Undersøgelse forfattet af J. Essendrop kom ut i 1761. Essendrop fortel dette om hendinga:

I Aaret 1755 den 1 November, da den almindelige paa vaar Jord-Klode skede Rørelse og Jordskielv indtraf, lod samme sig tydelig fornæmme i denne Fiord, i det Vandet adskillige Gange voxte, og gik langt over sine sædvanlige Grænser, og med Brusen mellem Stenene paa Stranden strax falt tilbage, men og at en Ild-Straale med en stærk Fart fra den vestre til den østre Side, i samme Tid, lod sig tilsyne.

I Kristiansand skreiv presten Jens Christian Spidberg ein rapport, eller ”relation”, om det som hadde skjedd denne dagen. I rapporten slår han fast at ”Jordskielv er visseligen det største, vældigste og skadeligste Phænomenon og Virkning, som i Naturen kand fremviises”. Han fortel om ei rekke jordskjelv opp gjennom tidene, så fortel han at det har vore ein del jordskjelv på den nordlege delen av jordkloden dei siste to åra, og kjem med mange døme på dette. Så går han over til å fortelja om det kraftige skjelvet 1. november 1755, før han går inn på årsakene til jordskjelv og vulkansk aktivitet.

Om kva som skjedde i Holsfjorden denne dagen fortel Jens Christian Spidberg dette:

Nogle Miile vestenfor Christiania ved Ringeriget findes et anseeligt Vand, af nogle Miiles Storhed, Holsfjorden kaldet, da en Qvinde skulle gaae did at hente Vand, var det og mange Alen viget fra sin Strandbreed, og da hun ville på nogle Steene gaae længer ud at fylde hendes Vandspand, kom Vandet strømmende med saa stor Magt tilbage, at hun med allerstørste Hastighet maatte kaste Spanden, og retirere sig tilbage, at hun ey af Vandet skulle udskylles, i det samme kom en stor Baad seylende med tvende Mænd udi, som uformodentligen bleve omringede med høye og brusende Bølger, de saae, at Vandet strax hos, som af en fontain blev kastet gandske høyt i Veyret, og i det samme bleve de vare en blaa Damp, der som en Pyramide stigede høyt op i Luften, der antændte deres Seyl, og mestendeel forbrændte det, og det overblevne af Seylet fandtes at være guult, saavelsom og deres Klæder, da de af Frygt kastede sig nedpaa Bunden af Baaden, alle andre Baader og Jagter bleve løsreved, og slæbede langt ind paa Landet, Tømmer Flaader bleve sønderrevne, og mange store Tømmer Stokke stode perpendiculariter op og ned i Vandet.

Tsunami Nogle Miile vestenfor Christiania ved Ringeriget findes et anseeligt Vand, af nogle Miiles Storhed, Holsfjorden kaldet, da en Qvinde skulle gaae did at hente Vand, var det og mange Alen viget fra sin Strandbreed, og da hun ville på nogle Steene gaae længer ud at fylde hendes Vandspand, kom Vandet strømmende med saa stor Magt tilbage, at hun med allerstørste Hastighet maatte kaste Spanden, og retirere sig tilbage, at hun ey af Vandet skulle udskylles.

Tegning: Geir Helgen


Spidberg fortel om liknande hendingar fleire stader, mellom anna i Femunden, og dessutan i Sverige og utanfor kysten av Stavanger og i Skagerak.

Han fortel også om ei tenestejente i Kristiansand. Ho var tidleg oppe for å baka.

En pige, som bagede i en Kiøbmands Huus, hørde om Morgenen Klokken 4. en stærk Brusen og Suusen, som af et vældigt Regn-Væyr, da dog Himmelen var gandske klar, hvorpaa Bord, Bænker og alt, hvad der fandtes i Brygger-Huuset, begyndte at hoppe og bevæge sig, saa Pigen løb ud af Forfærdelse og meente der var Spøgelse.

Spidberg kjem også inn på at det ikkje kom så mange meldingar om skjelvet. Han meiner det kan ha noko med tidspunktet å gjera, dei fleste låg nok og sov klokka fire om natta, men han beklager seg litt:

Ja det er at beklage, at fast ingen uden Bønder haver seet disse Vandenes Bevægelser, der anseer saadant Nyt allene med Forundring og Forferdelse, uden al Skiønsomhed og videre Eftertanke, da man ellers fra fornuftige Mennesker kunde ventet langt fleere Omstændigheder og vigtige Observationer.

På den andre sida: han fortel også om ein prest som opplevde jordskjelvet:

En residerende Capellan, som boer nær ved Christiansand, opvognede i alteration, og med sin Søn og Pige mærkede samme Brusen og Bevægelse.

”Alteration” er vel berre eit litt finare ord for ”Forferdelse”. Og eg oppfattar det ikkje som at presten gjorde spesielt oppsiktsvekkande observasjonar han heller...

Kunnskap om jordskjelv
I vår tid veit vi ein god del om korleis jordkloden er bygd opp. Dette er kunnskap vi har fått fordi vitskapsfolk har forska systematisk, dei har laga hypotesar og undersøkt om teoriane stemmer. Men framleis er det ein del ting vi ikkje kan vita heilt sikkert. Kva visste – eller kva trudde dei - om dette i 1755? Spidberg fortel at ”alle Physici i denne Tiid” meiner jordskjelv er ei følgje av at gassar og partiklar som finst i holer og kanalar under jorda tek fyr. Når gassane brenn, utvider dei seg, og då vil dei trenga seg fram der dei kan, ”hvorved Jorden og Biergene bliver opløftede, som ved deres Tunghed falder tilbage”. Han samanlikner jordskjelvet med det som skjer når det står koppar oppå eit bord: dersom du slår hardt under bordet vil koppane hoppa opp, og i verste fall vert dei knust når dei ramlar ned igjen.

Spidberg meiner at sjølv om vi ser at det er mange fjell i landet, så kan ein også sjå på Noreg og Sverige som eit samanhengande fjellområde, og dette fjellet er solid. Han meiner fjellet under djupe vatn er mindre solid, i alle fall mindre tjukt, og dermed vil elden som oppstår inne i holrom i jorda trenga seg ut i slike vatn, slik som i Holsfjorden. Essendrop skriv i boka si at dei hadde prøvd å måla kor djup Holsfjorden var, men ikkje klart det. Vi veit no at den er omtrent 300 meter djup.

Her skjer det skremmande ting, men vi må leva med det...
Spidberg avsluttar rapporten med eit sitat frå filosofen Seneca (ca 4 f.Kr. - 65 e.Kr): ”Nobis ignorantibus, verum omnia terribilia sunt, utpote qvorum metum raritas auget. Levius accidunt familiaria, ex insolito formido est major. Qvare autem qvidqvam nobis insolitum est? Qvia naturam oculis, non ratione comprehendimus.” Sitatet tyder: ”For oss, uvitande som vi er, er alle ting veldig skremmande, særleg sidan det sjeldne aukar frykta vår. Det kjende førekjem oss lettare å takle; frå det uvande kjem større redsle. Men kvifor er noko som helst uvant for oss? Fordi vi oppfattar naturen gjennom augene, og ikkje gjennom fornufta.” (Eg har fått hjelp av Sigbjørn Olsen Sønnesyn med omsetjinga.)

Kva var det eigentleg som skjedde? Det kan vera litt vanskeleg å vita nøyaktig kva som skjedde. I dag har vi annan kunnskap og andre forklaringsmåtar enn det dei hadde i 1755. Det er ei kjent sak at jordskjelv kan skapa endringar i grunnvasstanden, men Henrik Svensen, som er professor i geologi ved Universitetet i Oslo, stiller seg tvilande til at det er snakk om vulkanutbrot. Det er ingen tvil om at det var eit jordskjelv denne dagen, men han meiner vi må ta forklaringar om eldkuler og søyler av damp med ei klype salt – her kan fantasi og overtru spela inn.

Spidberg fekk reaksjonar på rapporten sin. Dette var i ei brytningstid, ulike idear stod sterkt mot kvarandre. Dei fleste meinte at Gud hadde skapt jorda på sju dagar, dei tok altså Bibelen heilt bokstaveleg. Spidberg meinte nok også at det var Gud som hadde skapt verda, men mange naturfenomen som vart kartlagt på denne tida tyda på at skapinga hadde skjedd over lang tid, og at jorda framleis endra seg.

Rapporten han skreiv er veldig sakleg og nøktern. Gud, eller Den øverste Beveger, eit uttrykk som også vart brukt på denne tida, er ikkje nemnt i rapporten. Likevel kjem det fram litt dystre framtidsutsikter:

At disse brændende Bierge haver nu i saa mange 100 Aar mærkeligen udhuulet Jorden, og derudi giort saa mange Huler, cavernas, cryptas, canaler, Gange og Aabninger fra det eene Ild-Bierg til det andet, er let at bevise af den correspondence, det ene brændende Bierg haver med det andet, saa at naar det ene brænder og med Hæftighed udkaster Ild, Steen og Aske, skeer det og fast paa samme Tiid med de andre nærmeste Ild-Bierge.

Det var vanleg å tenka seg at jordkloden var fylt av gassar, og når desse gassane begynte å brenna ville flammane trenga seg fram, slik oppstod vulkanutbrot og jordskjelv. Det hadde mange gangar blitt observert at vulkanar på ulike stadar kunne ha utbrot på same tid, altså at det var ein samanheng, ”correspondence”, mellom dei. I åra før dette store skjelvet hadde det vore ein del små jordskjelv på den nordlege halvdelen av jorda. Det tolka Spidberg som at jorda var i ferd med å verta uthola, då er det nærliggande å tru at dette berre kunne bli verre og verre...

Kjelder:
Essendrop, Jens: Physisk, oeconomisk Beskrivelse over Lier Præstegield i Aggershuus Stift i Norge efter egen Undersøgelse
Spidberg, Jens Christian: Historisk og Physisk relation om det mærkværdige Jordskielv i Norge, Lisabon og andre Stæder den 1 Novembr. 1755



Artikkel - info 
Sist endret 22.03.2011 Terje Bautz
Opprettet 20.05.2008 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut