Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Jarnvinne i Sudndalen like etter svartedauden
I Sudndalen i Hol kommune, nord i Hallingdal, blei det for ein del år sidan funne ei lita grop murt av gråstein. Leiter ein litt under torva i nærleiken, vil ein finne trekol og bitar med slagg.


Av Ole Tveiten

Slagg kan minne litt om rustne jarnklumpar, men er eigentleg søppelet som ligg igjen etter at ein har laga jarn. Dette viser at plassen har vore nytta til å lage jarn i gamal tid, og at den murte gropa er restar etter ein jarnvinneomn.

Ein trengte mykje jarn til gardsdrifta, både til naglar, spiker, reidskap, våpen og mykje anna. Sjølv om jarn sikkert var å få tak i på marknader i mellomalderen, var det dyrt både å reise og å kjøpe det. I EvenstadovnFoto: Ole Tveitenstor grad måtte ein også smi ut tinga sjølv, så det er ikkje så rart at mange gode smedar er kjent frå dennne delen av Hallingdal.

Jarnvinneanlegget i Sudndalen ligg heilt nede ved Sudndalsfjorden, ute på ein liten odde. Herfrå ser ein rett over til gardane i bygda, som alle ligg på den andre sida av fjorden, der også riksvegen går i dag. Det kan følgeleg verke som om jarnvinneanlegget ligg avsides til, og må ha vore tungvindt å kome fram til. Ein må her hugse på at fjorden var hovudvegen i gamle dagar, med båt om somaren og over isen om vinteren. Det var soleis ikkje lange turen frå garden til omnen, når ein fann ut at det var på tide å vinne ut jarn.

Det finst hundrevis av jarnvinneanlegg oppover dalane i Buskerud, men anlegget i Sudndalen er likevel skjeldsynt. For det fyrste er det av ein type som av arkeologar blir kalla ”Evenstad-anlegg”. Denne typen er oppkalla etter Ole Evenstad, som levde i Østerdalen på slutten av 1700-talet, og som skreiv ei ”lærebok” i korleis ein skulle vinne ut jarn på denne måten. Slike anlegg er slett ikkje uvanlege i Østerdalen, Sør-Trøndelag og deler av Sverige, men i Buskerud kjenner me berre til dette eine anlegget. Kan hende har nokon frå Sudndalen lært seg handtverket lenger aust?

Sudndalsanlegget er også særmerkt når det gjeld alder. Trekol frå slagghaugen er datert ved hjelp av C14-metoden. Denne metoden kan diverre ikkje seie nøyaktig kva år kolet vart brent, men den indikerer at det har skjedd ein gong mellom 1310 og 1430 e.kr., med andre ord for om lag 650 år sidan. Dette er ikkje spesielt gamalt, for ein har jarnvinneanlegg i Hallingdal som er nærare 2000 år gamle. Det som derimot er spesielt, er at anlegget godt kan vere frå tida like etter svartedauden. Ein har gjerne trudd at mykje av Hallingdal blei lagt aude på denne tida, men det ser ikkje ut til å vere tilfelle i Sudndalen. Sjølv om det er sparsamt med skriftlege kjelder frå denne tida er gardar i Sudndalen nemnd allereide i 1477, og det har truleg budd folk her då. Kanskje nådde ikkje pesten til denne delen av Hallingdal, og ein var heller nøydd til å klare seg sjølv, og lage sitt eige jarn?

Jarnvinneovnen i Sundalen er synleg som ei grop murt i bakken. Foto: Ole Tveiten



Illustrasjon_evenstadovn.Tegning: Ole Tveiten

Slik har kanskje jarnvinneanlegget i Sudndalen sett ut på 1300-talet. Teikning: Ole Tveiten

Artikkel - info 
Sist endret 10.05.2011 Terje Bautz
Opprettet 20.11.2007 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut