Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
I Eivind Fredlaus sitt rike
I februar 1719 var fleire samla i ei stugu i fjellbygda Leveld. Ølbollen gjekk rundt bordet og praten gjekk lett om vêr og vind og om krigføring mot svenskane. Utpå kvelden kom Eivind Gudbrandsgard og Ola Øylien i krangel. Eivind skulda Ola for å ha stole ein grov og fin tømmerstokk frå sameiga. Det eine ordet tok det andre og begge hadde kniv.


Av Eldgrim H. Springgard

Denne krangelen om eigedomsretten i utmarka enda med at Eivind Gudbrandsgard knivstakk Ola Øylien så han døydde. Eivind rømde til fjells og levde som fredlaus og ettersøkt i fjella mellom Hallingdal og Indre Sogn i mange år. Han fekk hjelp av slektningar i Leveld og han fekk hjelp i Lærdal. Den fyrste vinteren budde han i ein jordkjellar på Mo i Lærdal. Seinare bygde han fleire krypinn og små steinbuer som vi kan sjå reistar etter, mellom anna i Eivindbotn inne i Iungsdalen. I 1737 vart han funnen død i Toviken. Etter segna vart han skoten av ein lærdøl.

Segnet fortel at Eivind alltid tok seg godt tå fjellfolk. Han hadde mat og husly og spanderte tå det vesle han hadde. Ein sein haustdag i 1737 tek Eivind imot langvegsfarande frå Lærdal. Det er storbonden på Bøen i Lærdalsøyri og tenesteguten som er på reinsjakt. Eit forferdeleg uver hadde kome over dei, og etter mykje slit finn dei fram te Eivind. Dei får rom for natta og mat tå det slaget Eivind hadde. Dagen etter er veret mykje betre. Eivind set seg utanfor buaveggen med noko arbeid medan dei to karane gjev seg i veg. Borte på den fyrste haugen seier Bøen til drengen sin: ” Skyt du han Eivind, det går ikkje feitare bukk i fjellet her.”
Guten legg seg ned og spenner hanen på børsa si. Men med di sama han dreg av, blæs han krutet bort frå fengpanna. Han ser opp på Bøen og seier: ”Det klikka for meg.”
” So skal det ikkje klikke for meg”, seier Bøen. Han lyfte børsa te kjaken og dreg tå. Slik takka Storebøen for mat og husrom.

Segnene om Eivind Fredlaus har levd vidare på begge sider av fjellet. I tillegg er forteljinga dokumentert i tingbøker og andre dokument. I 1998 kom boka ”Soga om Eivind Fredlaus” av Sigvat Medgard. Med dei historiske hendingane og segnene som ramme, fortel han levande om Eivind sitt liv som fredlaus, om redsle for øvrigheit, jarnlekkjer og skarprettarøks, om sakn, einsemd og motløyse, om matsank, rein, rovdyr og muring av steinbuer og om godversdagar og ulande vinterstormar.

Iungsdalen Turisthytte arrangerer om sommaren forteljarturen “I Eivind fredlaus sine fotspor”.
Ein turførar møter dei påmelde, inntil 20 stk, med båt i Toviken. Etter båtturen blir gruppa med inn i ei steinbu i Iungsdalen der dei får eit lite lysbiletekåseri om Eivind og tida han levde i. Så går turen inn til Eivindbotten, der Eivind hadde ei steinbu og levde det meste av den fredlause tida. Her inne får gruppa eit endå tettare møte med Eivind. Turleiaren formidlar gjennom innøvde monologar frå livet til Eivind og gir att tankar han kan ha tenkt.

Iungsdalen ligg i Nordfjella og er ein uvanleg frodig og artsrik dal til å liggje så høgt til fjells. Difor er dei viktige beiteområde både for husdyr og fjelldyr. Det er også mykje interessant kulturhistorie knytt til området. Folk har bygd stølar her, og i periodar har familiar overvintra her inne. Det går fleire historier om dette. Viktige vegar mellom aust og vest gjekk over fjellet her. I møtepunkta var det livleg handel mellom hallingar, hemsedøler og sogningar. Austlendingane hadde med seg smør, talg, huder, ost og kjøt, medan sogningane baud fram korn, mjøl, salt og jern. På desse marknadsplassane var det i tillegg fest og moro.

I 2002 gav naturfotografen Oddmund Lunde ut boka ”Nordfjella”. Han beskriv området på denne måten: ”Hallingskarvet, ett av Noregs mest kjente fjell, ligger som en langstrakt og mektig grunnstein i sør. Det tre mil lange fjellet med sin karakteristiske form har Folarskardnuten som høyeste topp 1933 meter over havet. Herfra er det et fantastisk utsyn mot nord, og østover til et annet skarv, Reineskarvet som strekker seg innover i Ål mot Djup. Landskapet er varieret med store flyer, høye fjell og dype botner der det bølger nordover før det stuper bratt ned i blanke Sognefjorden.” Frå 1719 til 1737 var dette fjellområdet Eivind Fredlaus sitt rike.

Vil du vite mer?
Google Eivind Fredlaus!

Artikkel - info 
Sist endret 29.01.2013 Terje Bautz
Opprettet 24.11.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut