Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

IkonBeslekta emner 
Artikkel 
Dødsdansen på Norefjell
Fram til 1858 møttest kryllingar, sigdøler, eggedøler, hallingar og folk frå Numedal til fjelldans ved Raudmyrane mellom Krødsherad og Eggedal. Her møttest folk til handel, hestebyte, drykk og dans.


Av Eldgrim H. Springgard

Under Raudmyrdansen, 24-25. juli 1858, vart det eit forrykande uvêr. Det vart full snøstorm og festfolket søkte ly i stølsbuer like ved. Andre tok på heimveg. Kryllingane hadde lang veg. Fire timar med jamn gange i til dels høgfjell. Tre menn omkom denne natta. To vart funne kort tid etter, men spelemannen Kjetil Langebakke (33 år) fann dei ikkje før seinare på hausten.

Siste slåtten spelemannen spela under raumyrdansen i 1858 var Raumyrslåtten.
Den finnes i flere former. Denne er etter Anders Stubberud
og er spela av Steinar Strøm.
Klikk på lydsymbolet på høre side for å høre slåtten
Høytaler
Fotograf: Terje Bautz


Kari Heie frå Flå (fødd 1825) hadde i fleire ”syn” sett korleis dei som dansa og dei som spelte fele vart pinte i helvetet. Ho fortalde mellom anna: ”Meda dei dansa, spruta elden rundt dei. Det gnistra unde føta’n for kort steg dei toko. Og spelemann spela så blodet sila nedover heile kroppen. Så vart håret rivi tå dei og neglan vorto skore tå.”

Ved fleire høve fortalde ho at sjela til spelemennene var svart og at felemusikk førde med seg Guds straffedom. Ein engel hadde fortalt henne at ei stor ulykke ville ramme dei som kasta bort nådetida med spel, dans og drykk. Mange tok uveret og dødsfalla denne sommarnatta som eit tydeleg teikn og vart omvendte.

Dødsdansen_plakatFotograf: Terje BautzDiktarpresten Jørgen Moe var prest i Krødsherad i 10 år frå 1853 til 1863. Sundagen etter denne katastrofale hendinga heldt Jørgen Moe ei flammande tale i Olberg kyrkje, der han fordømde Raudmyrdansen og alt det den stod for. Han starta tala si med desse orda: ”Fjellet taler til oss i dag”. Raudmyrdansen var med dette historie.

I spelemannsmiljø blir det hevda at desse hendingane ”tok livet” av ein heil generasjon spelemenn i enkelte bygdelag, og at mykje av den gamle tradisjonsmusikken og dansen som høyrde til, vart borte for ettertida. Den strengt pietistiske Heierørsla skremde folk frå å ha det moro med dans og felespel. Den fundamentalistisk lekmannsrørsla tok, med støtte frå dei geistlege, strupetak på den verdslege livsgleda og den folkelege kulturen. På den andre sida må me heller ikkje gløyme at alkohol også den gongen var eit stort samfunnsproblem. Overdriven fest og fyll øydela mykje. Folkekunsten og folkekunstnaren levde i eit vakum mellom flatfyll og fordøming.

I 2005 laga Den Norske Folkemusikkveka ei forestilling som tok utgangspunkt i desse historiske hendingane. I dette stykket møter vi brennevinshandlaren, som måtte ta sin del av ansvaret for at det flaut mykje brennevin den fatale festnatta i 1858.

Bærre kom med koppen

Artikkel - info 
Sist endret 04.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 23.11.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut