Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Ungdomsår i Hallingdal
Birgit Villand var godt vaksen før ho fekk gjort alvor av det løftet ho hadde gitt seg sjølv, om å bli sjukepleiar. Det var ikkje lett for jenter å bryte opp frå heimen i 1920-åra. Etter konfirmasjonen var ho fleire år tenestejente heime, og nokre vintrar tok ho huspost hjå ”forhenværende landbruksdirektør Hirsch”, som søkte etter ”dannet bondedatter”.


Av Kåre Olav Solhjell

Birgit Villand gjekk for presten i 1912. Ola Narum var prest i Hol då. Han sa at konfirmantane hadde lært nok kristendomskunnskap heime og på skolen. I staden for å bruke tida til å pugge og høyre lekser ville han heller samtale med konfirmantane. Birgit hugsa at ho klaga seg til presten over at ho var så snøggsinna , og ville ha eit råd for det. Presten svara at det første var å erkjenne feilen og deretter be om forlatelse. Det var betre å vere slik enn å gå og vere fornærma og ikkje prate med folk, sa han. Birgit kjende seg trøysta av dette og prøvde å halde seg til rådet seinare i livet.

Om somrane var Birgit med mor si på stølen i Raggsteindalen, eller ho var rakstejente for karane i slåtten heime. Som rakstejente kunne ho aldri tenkje på seg sjølv, berre springe ærend for andre. Ho var først oppe og sist i seng. Dei fire slåttekarane skulle vekkast med kaffi på senga klokka halv fem. Før dei gjekk ut, skulle dei ha fyrebete , som var havresuppe, smør og flatbrød, ost og gammalost. Så gjekk dei ut og slo. Då måtte Birgit vere på plass og breie fôret etter kvart. Men så vart karane tørste og skulle ha bleng frå mjølkeholken. Så var det inn att ved halv åttetida og ut att til dugurd . Det var nons klokka tre og kaffi klokka halv fem. Slik gjekk det i eitt renn frå morgon til kveld.

I attenårsalderen, etter eit år på husmorskolen, søkte Birgit stilling som hushjelp hjå forhenværende landbruksdirektør Hirsch . Han skulle ha en dannet bondedatter for hygge- og nyttepost. Men så kom ho til å tenkje på at ho ikkje var dannet nok. Ho kjende berre ei dame som var dannet. Det var fru Hansen som hadde vore i Danmark på dannelsesskole. Ho kledde seg pent, snakka pent og hadde så fin ei framferd på alle vis. Så skreiv Birgit til direktøren og sa at ho dessverre ikkje kunne ta imot posten, for ho var ikkje dannet. I svaret hadde direktøren streka under ei setning: En bondedatter som er oppalet på en gård med mange mennesker og dyr, hun er dannet. Så vart ho først tenestejente og seinare kontordame for direktøren. Då Birgit skulle reise heim etter avslutta teneste, ville direktøren gjere opp for seg og betale reisepengar. Birgit svara, slik ho hadde lært, at det ikkje hasta. Til svar fekk ho ei setning som brende seg inn i minnet: Vær aldri noe menneske noe skyldig. Jeg er en gammel mann og kan dø når det skal være. To veker seinare fekk han hjerneslag. Birgit vart tilkalla for å stelle han den siste tida.

Eldste søstera, Anne, var gift til Sigdal. Der fekk ho tuberkulose etter å ha stelt ein sjuk svoger. Det største ønsket hennar var å få døy på Villand. Mora og søstrene stelte den sjuke dei siste månadene. Anne døydde sommaren 1919. Gravferda skulle vere i Sigdal. Birgit og søstera Sissel sykla etter kista då ho vart ført med hest nedover dalen til Hol stasjon. Det var då Birgit bestemte seg første gong for å utdanne seg til sjukepleiar og ta kampen opp mot den lumske sjukdommen. Langt på veg vann styresmaktene kampen mot tuberkulosen. Det skuldast mange ting. Skjermbildefotograferinga var ein viktig del. I den fekk bondejenta frå Hovet ei hovudrolle. Dei viktigaste føresetnadene for oppgåva hadde ho fått med seg frå heimen, på en gård med mange mennesker og dyr.

Artikkel - info 
Sist endret 08.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 02.04.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut