Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Artikkel 
Liv - den nest siste avrettinga i Hallingdal
Liv Engebretsdotter Frå Arnegard i Vats vart avretta ved Verpebakken i Ål i 1733. Ho var den nest siste i Hallingdal som møtte ein slik lagnad. Ho var dømt for å ha teke livet av det nyfødde barnet sitt. Far til barnet var den rømte drapsmannen Levord Knutsen Søndrol frå Hol


Av Kåre Olav Solhjell

Liv var fødd kring 1705, men fødselsdatoen hennar er ukjent. Ho voks opp som den yngste i ein søskenflokk på fire på Nørdre Arnegard i Vats i Ål prestegjeld. Foreldra var Engebret Mikkelsen og Birgit Eilevsdotter. Liv var ei sterk og grovvaksen jente som var til god hjelp heime på garden. Ho budde heime til 1730. Då tok ho seg teneste, 25 år gammal, hjå søskenbarnet sitt, Daniel Myking, i Kvinnegardslia.
Ho hadde god grunn til å flytte frå heimen. Ho skulle ha barn, men hadde ikkje sagt noko til foreldra eller søskena. På Myking kunne ho gøyme seg bort ei stund. Far til barnet var den rømte drapsmannen Levord Knutsen Søndrol frå Hol. Han hadde hatt tilhald på Arnegard i periodar medan han heldt seg gøymt for lensmann og fut .

Gud nåde meg
Natt til 16. mars 1730, etter at Liv hadde vore på Myking i 11 dagar, vart ho sjuk. Ho sov på fjøslemmen, slik tenestejenter gjorde den tid. Ved sida hennar låg Ågot, den 13 år gamle jenta til Daniel Myking. Om morgonen vart Liv funnen sjuk og forkomen saman med det døde barnet, som var sveipt i ein hovudklut. ? Gud betre deg?, sa kona som fann henne. "Gud nåde meg", svara Liv. Men sorenskrivar og fut viste ingen nåde. Og kongen hadde bestemt at saker av dette slaget skulle få ein rask rettargang. Det var nabokona Kari Lå som fann mora og barnet. Daniel Myking vart tilkalla, og fleire koner i nabolaget. Dei undersøkte barnet og fann at det "hafde giort noget på Klædet", noko dei såg som teikn på at det hadde vore liv i barnet då det kom. Presten vart bodsendt, og lensmannen. Han tok med seg Liv til lensmannsgarden på Nedremyr i Hol. For Vats høyrde den gongen til Hol prestegjeld og låg under lensmannen der. På Nedremyr fekk Liv tilnamnet Fange-Liv.

Fange-Liv for retten
Saka til Fange-Liv kom opp på tinget på Leksvol i Ål den 20. juli 1730. Futen, Carsten Rødlind, førte fram klagemålet mot henne. Dommar var sorenskrivar Christian Palludan. Det vart ført fleire vitne. Dei fortalde at barnet hadde eit sår på nasen og var blått kring det eine auget. Det var sett blodspor i snøen mellom fjøset og eldhuset. Men etterbyrden låg på fjøslemmen ved føtene til Liv.

Liv sjølv fortalde at då riene tok henne, gjekk ho for å hente folk. Men nedst i stigen uvita ho, og fann seinare barnet som låg skilt frå henne på golvet. Kva gjorde ho med navlestrengen, ville dommaren vite. Men Liv visste ikkje om nokon navlestreng. Ho var tørst og gjekk i eldhust for å finne vatn, forklara ho, men fann ikkje noko. I staden gnidde ho ansiktet sitt med snø og klatra opp att på lemmen for å vente på Kari Lå. Ho heldt barnet tett inntil seg, for ho hadde høyrt at det kunne komme liv i det på den måten. Ho hadde aldri meint å ta livet av det. Og når ho ikkje hadde sagt til nokon at ho skulle ha barn, var det fordi ho skjemdest. Ho kune gjerne sverje "sin Saligfreds Æd" på at ho snakka sant.

Dommaren meinte saka var klar. Ho hadde halde hemmeleg at ho skulle ha barn, og ho hadde ikkje søkt hjelp under fødselen. Christian 5.s Norske lov var klar i slike saker. Dommaren dømte Fange-Liv til avretting ved sverd. Dommen vart stadfesta først av Overhoffretten i Christiania og seinare av Høgsterett i København. Liv Engebretsdotter skulle "miste sin Hals og hendes Hovud sættes på en Stage".

Det tok tre år frå saka var oppe på tinget i Ål til endeleg dom vart avsagt i København. I mellomtida skulle Liv vere fange hjå lensmann Pål Nedremyr. Om dagen budde ho i lag med folket på garden, men om natta skulle bønder i nabolaget skiftast på å halde vakt. Men vakthaldet svikta, og ei natt rømde Liv. Første dagen heldt ho seg i ein fjellsprekk nedanfor garden, og neste natt drog ho sin veg over fjella. Segna seier at ho fann tilhald i Røldal på andre sida av Hardangervidda. Der fødde ho eit nytt barn før det hadde gått eit år

Lensmannen kom i ei lei klemme. Han hadde ikkje organisert vakthaldet skikkeleg. Dessutan var far til det døde barnet, drapsmannen Levord Søndrol, dotterson til lensmannen. Amtmannen i Christiania kunne difor med god grunn klage lensmannen for å ha forsømt si embetsplikt. Lensmannen kom sjølv for retten og stod i fare for å miste både gard og grunn. Han fekk frist til å finne fangen. I denne situasjonen stod enkemannen Ivar Asgrimsen fram. Han tilbaud seg å finne Fange-Liv, berre han fekk gifte seg med Haldis, yngste dotter til lensmannen, som han hadde fridd til lenge. Pål Nedremyr bøygde av. Han lova også at Ivar Asgrimsen skulle få overta garden Nerol, berre fangen vart henta og dommen fullbyrda.

Ivar Nerol heldt det han lova. Han vart også sett inn som lensmann etter Pål Nedremyr, og måtte sjølv halde Fange-Liv og det nye barnet som fange fram til skarprettaren hadde enda Fange-Liv sitt liv på Verpebakken ovanfor Granhagen i Ål. Dei som vart avretta for "grove Misgiærninger", fekk ikkje kvile på kyrkjegarden. Gravene deira skulle ligge ved ferdavegen til åtvaring for alle som fór forbi.

Artikkel - info 
Sist endret 17.04.2012 Terje Bautz
Opprettet 20.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut