Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Hopp over navigasjonskoblinger
Gå til hovedinnhold
View Part 
Hol stasjon

Stasjonsbygningen ved Hol stasjon er bygd i 1911, 2 år etter at Bergensbanen var opna. Den er teikna av arkitekt Harald Kaas på grunnlag av teikningar utarbeidd av arkitekt Paul Due. Due har bl.a. teikna stasjonsbygnaden på Haugastøl, og det er desse teikningane som er grunnlag for arkitekt Kaas sine teikningar av Hol stasjon. Den er eit eksempel på Due sine mindre jugendstilbygningar, og er ein eigen variant som det ikkje fins maken til langs Bergensbanen. Den er vurdert som verneverdig. I dag står bygningen akkurat slik den stod mens det enno var trafikk ved Hol stasjon. Den vart lagt ned 30.5. 1965, og fjernstyrt frå 1.12. 1983.

I tida 1.1. 1912 – 1.2. 1924 var det også brevhus på Hol stasjon. («Hols jernbanestation»). Den fyrste stasjonsmeisteren på Hol stasjon var Fossum. NSB dreiv frå 1960 og til tidleg i 1990 åra eit stort pukkverk ovanfor Hol stasjon. Dette forsynte heile Bergensbanen med pukk av ulike kvalitetar i tillegg til at det forsynte lokalmarknaden. Det vart lagt ned fordi NSB ikkje skulle drive med slik verksemd.

Info 
Sist endret 09.11.2010 Terje Bautz
Opprettet 09.11.2010 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut