Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Hopp over navigasjonskoblinger
Gå til hovedinnhold
View Part 
Kåte Reier
Køsahaugen ligg like ved der Lauvlia nå ligg. Like sønnom grinda til Lauvlia er det ei gammal tomt oppi bakken. Ho er nedgrodd med eldstamp (Geitrams) og småskog. Men for 80 år sida var det ei lita stugu der. I den stugua bodde han Kåte-Reier.


Av Andreas Mørch

Han var så kåt og sprek at han var vel den beste karen i bygda i dei dagane. Han vart aldri kalla anna enn Kåte-Reier.

Det er laga en slått som heter Kåte-Reier.
Innspillingen er med Steinar Strøm
Klikk på lydsymbolet på høyre side
Høytaler
Fotograf: Terje Bautz


En gang var han oppi Eggedal og hadde fått litt oppi toppen. Da flaug han langs etter stugua på trea stokkefaret på tømmerveggen. Han datt ikkje ned. Det skulle mjuk kar til å klare det.

Ei julehelg var han på Kvisle. Der hadde dom tura heile natta. Han Reier låg fyllesjuk i omnsbenken, denna benken som stod i omnsroa i gamle stuguer. Han låg der og halvsøv utpå måråkanten.

I denne tida var det skikk at døm rei like inn i stugua til folk i jula for å vise hå karar døm var, og for å ha moro. Med han Reier låg der yrin og kasta seg, kom det ein kar frå Øygarden riande like inn i stugua. Men da vakna han Reier. Han reis opp med et samma. Fyst hivde han ut mannen og så hesten. Så smelte han att døra og la seg.

Men ein gong borti Krødsherad fôr han ille. Han var så flink til å gå på skjessur (skøyter).

Han hadde nokon lange, smale skjessur, det var ingen som hadde slike som han. Men så var han heller ikkje lenge om å gå fjorden Køsahaugen til Prestfoss. Det var ingen som tenkte på å hølde følge med’n.

Han dreiv mykje i Krødsherad. Han hadde noko arbeid på gardane der. I denne tida hadde Vasendrud’n så flinke tråvarar (travhester). Ein dag det var slik fin stålis på Krøderen, kom døm dit både Vassendrud’n og han Reier. Vassendrud’n hadde den beste tråvaren med seg, og han Reier hadde skjessune. Mykje folk var det der, og alle syntes at Vassendrud’n kjørte fort.

Da kom han Reier og lurte på om døm skulle kappast. Han skulle ha skjessune, og Vassendrud’n hesten. Detta hadde Vassendrud’n moro tå. Han lo åt han Reier som tenkte seg til med slikt. Folk omkring døm hadde og moro. Men døm skulle likevel prøve, og la iveig.

Men da vart nok Vassendrud’n og storflygaren hans etter. Han Reier gikk bare og leika seg. Han gikk langt framom og tok store svingar. Best det var kom han og hoppa over skjækene mellom hesten og Vassendrud’n med hesten gikk det han orka. Da gav Vassendrud’n seg. Men det gikk hardt i han. Det var det at han hadde inga råd med han Reier. Han var både for sterk og for mjuk, elles hadde Vassendrud’n ti’i og dengt’n for han var stor og sprek han og, større enn han Reier, men ikkje så godt vøksin.

Ei tid etter tura døm i lag nokon karar. Der var han Reier med, og Vassendrud’n. Han Reier drakk seg så full at han vart liggande i ei seng der. Da var Vassendrud’n etter ein staur, somme seier det var ein jarnstaur. Med denne gikk han på’n Reier som sov, og slo så eine armen hans Reier var av på to stader.

Vassendrud’n måtte betal 800 daler for detta. Men da vart han Reier storkar. Han hadde ikkje hatt for mykje av pengane før, og rikdommen gikk reint til hugu på han. Han kjøpte seg tråvarar (Travhester) og kjørte storkar både i Krødsherad og Sigdal. Han tok og bretta i hop papirdalerar og tendte pipa med for å syne hå kar han var. I to år tok han ikkje sine hendar i arbeid. Men så var det au ende med rikdommen. Han måtte ta til takke med å vera tenestegutt att.

Ein gong var han Reier sjuk. Han var til doktoren og fekk medisin. Men han måtte vera forsiktig med håss han tok det, for det var gift i.

Men han Reier hørte ikkje etter hå doktoren sa. Han drakk opp alt med ein gong. Han Reier vart frisk att.

Etter han vart gammal hadde han beste hugen til å gå gardimellom og få fødd seg. Han hadde ikkje hug til arbeid. Men morosam var han.

Han kom til Ovestad ein gong. Detta var på det siste han Petter levde. Da han Reier fekk sjå’n Petter, så sa han det: -”du har vøksi så au nå sia je såg deg!”

Han kom til Nedre-Vik, til han Kittil. Det var på slutten han levde. Han bad om døm ville gje han litt, for nå var han så gammal og skral at han ikkje kunne tene ein skilling, sa han. ”Nå er je snart hundre år,” la han til.

”Å nei, lell” sa han Kittil, ”det var da fælt så fort du hadde aldrast i det siste. Det er nå ikkje så mange åra sia vi var like gamle.”

Men da tagna han Reier.

Det er laga en slått om han Kåte Reier. Den finnes i mange versjoner. Sigdalsversjonen er spilt av Steinar Strøm. Hør slåtten HER

Kilde: ”Frå gamle dagar” – Andreas Mørch

Info 
Sist endret 06.01.2010 Terje Bautz
Opprettet 20.06.2007 Terje Bautz
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut