Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Hopp over navigasjonskoblinger
Gå til hovedinnhold
View Part 
Christian 5.s Norske Lov
Rettssakene mot Fange-Liv, Levord Søndrol og Pål Nedremyr er eksempel på korleis lovene og rettsvesenet var bygd opp på 1700-talet. Loven stod skriven i Christian 5.s Norske Lov frå 1687, bygd på Moseloven som forbilde.


Av Kåre Olav Solhjell

Dei eldste norske lovene hadde som mål å skape semje mellom lovbrytaren og dei som var foruretta. Difor vart også drapssaker gjort opp med bøter til dei etterlatne. Christian 5.s Norske Lov av 1687 endra på dette. Etter dei nye danske lovboda gjekk bøtene til Kongen, eller til "Herskapet" som det heitte på det danske lovspråket. Bøtene vart elles i stor grad avløyste av kroppslege straffer og avretting. Malen for lovene henta kongen sine lovgjevarar i Mosebøkene i Bibelen. I somme tilfelle vart formuleringar derifrå sette rett inn i lovteksten: "Den som slår en annen mann i hjel, gir liv for liv". Offentleg brutalitet avløyste i aukande grad det bøte-systemet som hadde vore einerådande sidan mellomalderen.

Christian 5.s Norske Lov har ti kapittel som svarar til dei ti bodorda. Det sjette kapitlet har overskrifta "Om Misgierninger". Det var artikkel 7 i dette kapitlet som vart brukt mot Fange-Liv. "Letfærdige Quindfolk som deres Foster ombringe, skulle miste deris Hals, og deris Hoved sættis paa en Stage". Ei ugift kvinne som mista eit nyfødd barn, hadde såleis små sjansar til å sleppe unna sverdet. Når barnet var dødt og mora hadde fødd i "Dølgsmål", det vil seie utan at nokon var til stades, var ho skuldig etter artikkel 8. Der står det at eit "letfærdig Quindfolk" som ikkje har gjort alt ho kunne for å søke hjelp, skal dømmast som om ho har teke livet av barnet med vilje. Dommaren trong såleis ikkje vente på at futen skulle bevise at Fange-Liv var skuldig. Det var Fange-Liv sjølv som måtte føre bevis for si uskuld. Så kunne også dommaren slå fast at Fange-Liv si forklaring var "meget urimelig". Alt han trong vite, var at ho hadde fødd i "Dølgsmaal". Høgsterettsdommaren Boson i København såg heller ingen utveg for Fange-Liv. I 1743 trekte han seg attende frå retten på grunn av dårleg hørsel. Då testamenterte han ein del av formuen sin til Waisenhuset, ein heim for foreldrelause barn. Og han oppretta eit legat som skulle brukast til oppseding av foreldrelause barn i Noreg.

Om eit drap ikkje hadde skjedd som eit uhell eller i nødverje, skulle drapsmannen bøte liv for liv. Dette lovbodet vart brukt mot Levord Knutsen Søndrol. Fleire av vitna i saka mot han, hevda at det var Arne som var den agressive, og at Levord difor handla i nødverje. Men loven hadde stengt for ei slik tolking: "Det er ej Nødværge, dersom mand haver været i Slagsmaal sammen, og ere blivne skilte ad, og den, som var overvældet enten ved Skændsord, eller Trussel, giver Aarsag, at de komme igjen i Slagsmaal, og saa dræber sin Vederpart". Altså: Det var ikkje nødverje dersom den som hadde lidd overlast, gjekk til angrep på motparten sin etter at dei først hadde vore skilde åt.

Skjødesløs Varetægt
Lensmann Pål Nedremyr vart klaga for retten etter ei kongeleg forordning frå 1695. Slike forordningar hadde same vekt som ein lov. Der heiter det at den som har ansvar for at drapsdømte personar har greidd å rømme, anten det har skjedde på grunn av "Skiødesløs Varetægt" eller på annan måte, skal miste eigedommen sin til kongen. Øvrigheitspersonar slik som lensmenn, skal dessutan misse stillingane sine. Saka mot lensmann Pål Nedremyr og dei bøndene som skulle halde vakt, kom opp for retten i 1731. Lensmannen bad om utsetjing til neste ting. Saka kom opp att på sommartinget, men vart utsett på nytt for å få tid til å skaffe fleire bevis. Etter dette er ikkje saka nemnt meir. For då var Fange-Liv henta heim att og sat innelåst på Nerol.
Men det blir fortalt om gamlelensmannen på Nedremyr at han ikkje hadde ein glad dag etter dette. Ivar Nerol, den nye lensmannen som hadde henta fangen heim og fått seg både kone og gard, hadde det heller ikkje så lett. I 1734, året etter at Fange-Liv vart avretta, vart han avsett som lensmann på grunn av "hans bekjente idelige Drukkenskab".


Kjelder
Trond Andersson og Kåre Olav Solhjell: Fange-Liv og Fanitullen. Privattrykk i kommisjon hjå Det Norske Samlaget, 1990.

Info 
Sist endret 04.09.2008 Terje Bautz
Opprettet 20.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut