Gå til hovedinnhold Gå til søk Gå til hovedinnhold
Våpenskjold

Uten navn [1] 

Hopp over navigasjonskoblinger
Gå til hovedinnhold
View Part 
Fange på frifot
Bondesonen Levord Knutsen Søndrol drap i 1724 soldaten Arne Persen Holshagen under eit bryllaup i Hovet i Hol prestegjeld. Levord rømte unna loven, og slapp å bøte for brotsverket. Han hadde mange til å hjelpe seg. Ei tid budde han på Arnegard i Vats, og vart far til det barnet som Fange-Liv fødde i 1730.


Av Kåre Olav Solhjell

Bryllaupet på Larsgard i Hovet
Levord Knutsen Søndrol var son til ein av dei beste menn i Hol. Faren, Knut Levordsen Søndrol på Nordre Søndrol, var mellom dei mest velståande i bygda og var ofte brukt som lagrettemann på tinget. Levord var gift med Sissel som fødde ein son like etter at mannen hadde vorte drapsmann. Ho kalla sonen Knut etter bestefaren. Det var ei uhyggeleg stemning under bryllaupet på Larsgard i Hovet i 1724. Kjellarmannen, som skjenkte øl til gjestene, meinte han hadde sett den vonde sjølv sitje på øltønna og spele ein eggjande slått. Alle visste at Levord og Arne var bitre uvener. Dei hadde begge drøymt om den same jenta. I bryllaupsgarden braka dei saman rett som det var. Men mange meinte det var Arne som mest egla seg innpå Levord. Laurdagsmorgonen tok Arne til å blenkje med kniven sin. - Gøym kniven din, sa Levord. Då tok Arne til å kvede ei smedevise om Levord. Men Levord ville helst sleppe unna, og tok på heimvegen. Arne sette etter: - Smette meg, ska eg ikkje ta'n med ein gong!? Bajonett, hanskar og oksepeis låg att etter han på bordet då han fór.

Drapet
Ved Villand lengre sør i bygda rauk dei i hop. Levord vart slegen over ende og fekk eit stikk i magen. Levord freista å verje seg med ein oksepeis. Men Arne skar Levord over fingrane. Fleire kom til og stod i ring omkring. Dei fekk slåsskjempene skild åt, men greidde ikkje å få frå dei knivane. Med eitt reiv Levord seg laus. Han rende på Arne bakfrå og skar han frå øyra og nedover strupen. Arne døydde straks. Levord flaug deretter, utan å veksle ord med nokon, over elva og drog sørover mot Dagali.
Drapssaka kom opp på tinget utan at Levord var til stades. Dommen var klar. Den som drep ein annan, og det ikkje skjer i nødverje, skal bøte liv med liv.

Drapsmann på flukt
Medan Fange-Liv drog langt av stad, heldt Levord seg lenge på heimtraktene. I 1731 tala han ved Ola Hallingstad oppe på stølen. Han var også heimom ein gong i mellom, og i 1731 fekk han ei dotter med kona si. To gonger vart han fanga. Den eine gongen var han i Bergen. Der prøvde han å verve seg som soldat, men vart attkjent. Under vakt vart han sendt attende til Hol. Men oppe på fjellet greidde han å rømme. Dette hende i 1732. På den tida sat Fange-Liv igjen i arresten i Hol. Amtmann Just Must var harm. Han meinte rømminga hadde skjedd "på en meget mistenkelig Maade".
I 1738 var Levord fanga endå ein gong, denne gongen på Nes i Hallingdal. Då hadde Fange-Liv lege i grava i fem år. Amtmannen kravde at Levord skulle først til arresten i jern, og med ekstra vakt, slik at han, " som med de fleste i dette Sogn skal være nær beslektet, ikke atter med deres Hjælp skal kunne undvige". Men også denne gongen slapp Levord fri. Han var framleis i live året etter. Men inga kjent kjelde fortel kva som hende med han til slutt.

Info 
Sist endret 17.04.2012 Terje Bautz
Opprettet 20.03.2006 Bjørn Svendsen
Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut